Utløpt

Teiknspråktolk / lærar

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Teiknspråktolk / lærar med teiknspråkkompetanse
Frist
27.03.2019
Ansettelsesform
Fast

Varhaug skule har ledig to faste stillingar (totalt 130%) som teiknspråktolk / lærar med teiknspråkkompetanse frå 1.8.2019. Stillinga er knytt til ein elev med vedtak heimla i opplæringslova § 2-6.

Visjonen vår "Me løfter kvarandre" forpliktar. Me ønskjer å løfta alle  515 elevane og dei 70 tilsette. Skulen nyttar omgrepa relasjon-læring-ambisjon i arbeidet. Personane me søkjer må dela denne innstillinga. For å kunna løfte kvarandre, må me skapa gode relasjonar, byggje læringa på dette og ha ambisjonar om at alle kan vera den beste versjonen av seg sjølve. 

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vil blant anna vere å tolke og følgje opp elev i klasse, undervisning i faget teiknspråk, noko fjernundervisning og samarbeida med lærarane.

Kvalifikasjoner
Ein som har eleven i fokus
Er fagleg sterk
Legg vekt på relasjonar
Har gode leiareigenskapar
Er løysingsorientert
Er offentleg godkjent tolk for hørselshemma / godkjent pedagogisk utdanning med minst 30 stp vidareutdanning i teiknspråk
Anna relevant utdanning og / eller erfaring kan og vere aktuelt

Søkarar som ikkje har norsk som sitt morsmål, må kunne godt norsk både skrifteleg og munnleg. Attestar og vitnemål tas med til intervju.

Vi tilbyr
Kjekke og positive elevar
Kjekke og positive vaksne
Eit positivt arbeidsmiljø
Engasjerte vaksne
Ein skule i utvikling

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast
Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har vanskar med innlogging.

 

Om arbeidsgiveren

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt.
Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Eikevegen 1, 4360 Varhaug
Bransje
Offentlig administrasjon,
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Nøkkelord

Tegnspråk, Teiknspråk, Tolk, Døvetolk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Johan Omland
Stillingstittel
Rektor
Telefon
41 53 26 93
Kontaktperson
Merethe Sæbø
Stillingstittel
Lagleder
Telefon
93 20 72 93
Følg firma
202 følger dette firmaet

Eikevegen 1, 4360 Varhaug

Annonseinformasjon

FINN-kode 142387418
Sist endret 20. mar. 2019 11:47

Rapporter annonse