Me søkjer etter kjøkkensjef og kokkar

Arbeidsgiver
Voss Resort
Stillingstittel
Kjøkkensjef og kokkar
Frist
30.04.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Voss Resort AS

Har du lyst til å jobba i det mest kreative og veksande selskapet på Voss? Er du ein person som likar utfordringar og jobbar hardt for å skape noko unikt? Voss Resort har vore ein innovativ aktør i over 20 år. Hangurstoppen AS vil bli det sentrale selskapet i utvikling av god service, god mat og godt drikke i Voss Resort AS sine restaurantar og kafear; Den nye Hangursrestauranten (endeleg namn ikkje fastsett), Baren i den nye Hangursrestauranten, Storastova på Slettafjellet og den historiske kafèperla på Hanguren.


KJØKKENSJEF

Me ynskjer oss ein fagleg sterk kjøkkensjef - som får muligheten til å bygga opp eit godt kjøkken med utganspunk basert på lokale råvarer.

 

Ansvarsområder/arbeidsoppgåver:

·        Ansvarlig for den daglege drift av kjøkkenet

·        Ansettelsar og opplæring av personell

·        Bemanning og planlegging av vaktlister

·        Kvalitetssikring av produksjon

·        Lagerkontroll og økonomi

·        Varebestilling

·        IK mat / internkontroll

·        Stillinga rapporterer til Daglig Leder

 

Kva vi forventar av deg:

 

Du er ein trygg ledar som evnar å motivera og inspirera dine medarbeidarar. Du brenn for faget ditt og du elskar å laga mat fra botnen av. Du jobber dagleg på kjøkkenet med dine medarbeidarar og står fram som en vegvisar. Du er omgjengeleg, løysingsorientert og fleksibel. Du har gode kommunikasjonsevner, både muntleg og skriftleg, og er ansvarsfull og beslutningsdyktig. Du har og erfaring frå liknande stilling. I tillegg har du god kjennskap til IK mat.

KOKK

 Som kokk kreves fylgjande:

·        Du har en brennande lidenskap for mat.

·        Du er oppteken av kvalitet og har stor respekt for råvarer og marginar.

·        Matsvinn er viktig for deg og du jobber hardt for å minimere matavfall og svinn i alle ledd.

·        Du er nytenkjande, fylgjer med på kva som skjer i bransjen og er ein kreativ person som er             oppteken av detaljer.

·        Du er sjølvstendig, ansvarsfull og ein som bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø

 

Me tilbyr:

·        Eit godt arbeidsmiljø med positive og dyktige kollegaer

·        Ein spanande arbeidskvardag med høgt tempo og varierande arbeidsoppgåver

·        Tett oppfylgjing fra oss i Hangurstoppen As

·        Moglegheit for utvikling internt i bedrifta

·        Faste og midlertidige stillingar både fulltid og deltid, og moglegheiten til å delta på ei                     spennande  reise.


Om arbeidsgiveren

Voss Resort AS eig og driv skisenteret på Voss. Herunder ligg kafe- og restaurantdrift, utleige av overnatting, skileige, skiservice og skiinstruksjon og aktivitetar. Selskapet utviklar og sel 25 - 40 fritidsleilegheiter årleg. Voss Resort er organisert som eit konsern med 7 underliggande driftsselskap og omset for ca 150 MNOK årleg. Selskapet har vore ein viktig aktør i den positive utviklinga på Voss dei siste 15 åra. Selskapet har som mål å vera innovativt og nyskapande.
Voss Resort AS er majoritetseigar i den nye gondolbanen som opnar sommaren 2019. Selskapet har mange spennande prosjekt under planlegging og det er venta betydeleg vekst i den operative aktiviteten dei kommande åra. Ein del av denne veksten vil komma innanfor restaurantverksemd. Sjå meir på www.vossresort.no

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Antall stillinger
10
Sted
5700 Voss
Bransje
Restaurant, mat og uteliv
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kokk,
Mat og servering / Kjøkkensjef
Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Thomas Larsen
Stillingstittel
Daglig leder Hangurstoppen As
Følg firma
134 følger dette firmaet

5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 142152791
Sist endret 26. jan. 2021 21:20

Rapporter annonse