Utløpt

Me søkjer bookingsjef til Voss Gondol

Arbeidsgiver
Voss Resort
Stillingstittel
Bookingsjef Voss Gondol
Frist
01.04.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Voss Resort AS

Har du lyst til å jobba i det mest kreative og veksande selskapet på Voss? 
Er du ein person som likar utfordringar og jobbar hardt for å skape noko unikt? 
Voss Resort har vore ein innovativ aktør i over 15 år. I 2019 opnar den nye gondolen og Voss Resort går frå å vera ein vinterdestinasjon til heilårsdestinasjon. I samband med dette søkjer me no etter ein bookingsjef på heiltid.

 

Ansvarsområder/arbeidsoppgåver:

  • Dagleg booking via systemer, telefon og mail
  • Koordinering av booking for dei ulike datterselskap i Voss Resort AS
  • Bookingkalender
  • Priskalender
  • Pakketering (interne og eksterne produkt)
  • Kontaktledd og ansvarleg for handtering og oppfølging av grupper, turoperatørar, samarbeidspartnarar og liknande
  • Ansvarleg for back-office system (Citybreak Sales Agent)
  • Fakturering


Me søkjer ein person som:

  • Har relevant erfaring frå booking
  • Er ansvarleg, strukturert og sjølvstendig
  • Er serviceinnstilt og utadvendt
  • Takler stort arbeidspress og uforusette hendingar
  • Er god på kundeservice og tek utfordringar med eit smil
  • Er flytande i norsk og engelsk, munleg og skriftleg
  • Er punktlig og pålitelig
  • Har evne og interesse for å læra seg nye dataprogram og halda seg oppdatert på eksisterande

 

Ynskja kvalifikasjonar:

  • God digital forståing
  • Kjennskap til følgjande system er ein fordel:
  • Visbook
  • Skidata
  • Citybreak / Book Visit / iTicket
  • Booking.com

 

Me tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø med positive og dyktige kollegaer i eit veksande selskap
  • Ein spennande arbeidskvardag med høgt tempo og varierende arbeidsoppgåver

 

Arbeid i ferie- og helger må påreknast.


Om arbeidsgiveren

Voss Resort AS eig og driv skisenteret på Voss. Herunder ligg kafe- og restaurantdrift, utleige av overnatting, skileige, skiservice og skiinstruksjon og aktivitetar. Selskapet utviklar og sel 25 - 40 fritidsleilegheiter årleg. Voss Resort er organisert som eit konsern med 7 underliggande driftsselskap og omset for ca 150 MNOK årleg. Selskapet har vore ein viktig aktør i den positive utviklinga på Voss dei siste 15 åra. Selskapet har som mål å vera innovativt og nyskapande.
Voss Resort AS er majoritetseigar i den nye gondolbanen som opnar sommaren 2019. Selskapet har mange spennande prosjekt under planlegging og det er venta betydeleg vekst i den operative aktiviteten dei kommande åra. Ein del av denne veksten vil komma innanfor restaurantverksemd. Sjå meir på www.vossresort.no

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
5700 Voss
Bransje
Reise og turisme,
Restaurant, mat og uteliv,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Hotell og overnatting / Booking,
Salg,
Økonomi og regnskap
Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linn Ravndal Norevik
Stillingstittel
Marknadskoordinator
Mobil
90 57 25 87
Følg firma
134 følger dette firmaet

5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 142082621
Sist endret 20. apr. 2019 14:12

Rapporter annonse