Utløpt

Lærar ved ATO på Bø skule

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Lærar
Frist
Thu Mar 28 00:00:00 CET 2019
Ansettelsesform
Fast

Endeleg har me frå 1. august 2019 ledig fast 100% stilling som lærar ved ATO-avdelinga på Bø skule! Me søker ein engasjert lærar med godt humør, og som har undervisningskompetanse på 1. - 10. trinn.

ATO står for alternativ tilpassa opplæring, og er ein del av Bø skule. Det er ei spesialpedaogisk avdeling for elevar i Hå kommune med behov utover ordinær opplæring. Me har både mannlige og kvinnelige tilsette, og har eit godt fagmiljø med mange profesjonar samla, som pedagogar, miljøterapeuter og miljøarbeidarar.

Me har dette skuleåret 10 elevar frå 1.-10. trinn. Elevane har 1-1 oppdekking, opplæring i grupper og individuelt på avdelinga, samt deltaking i ordinær klasse tilpassa den enkelte eleven. Elevane arbeider med opplæringsmål frå både læreplan frå Kunnskapsløftet og rammeplan for barnehage.

Som lærar på ATO har du blant anna ansvar for undervisning i grupper og individuelt, samt oppfølging av IOP til fleire elevar. Du vert også ein del av faggruppa som driv utviklingsarbeid på avdelinga. Har du lyst til å jobbe ein plass der me gleder oss over dei små tinga i kvardagen og lærer noko nytt kvar dag? Då er dette jobben for deg.

Kvalifikasjoner
- undervisningskompetanse på 1. - 10. trinn
- arbeider målretta og systematisk
- tek ansvar for elevar si læring og utvikling
- er tolmodig, engasjert og motivert
- er klar for spennande utfordringar
- er fleksibel og samarbeidsvillig

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

Søknad sendast
Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt på lonn@ha.kommune.no dersom du har vanskar med innlogging.

 

Om arbeidsgiveren

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt.
Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Vålandsvegen 4C, 4365 Nærbø
Bransje
Offentlig administrasjon,
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Nøkkelord

Lærer, ATO, Undervisning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingunn Høiland
Stillingstittel
Leder ATO
Telefon
41 53 26 37
Følg firma
201 følger dette firmaet

Vålandsvegen 4C, 4365 Nærbø

Annonseinformasjon

FINN-kode 142012710
Sist endret 8. mar. 2019 13:53

Rapporter annonse