Utløpt

Lønskonsulent 100%

Arbeidsgiver
Sund kommune
Stillingstittel
Lønskonsulent
Frist
17.03.2019
Ansettelsesform
Fast

Sund kommune er ein moderne og innovativ kommune sør på Sotra, berre 25 minuttar frå Bergen. Det er ein kommune i vekst med i overkant 7000 innbyggjarar. Kommunen opplever auka etterspurnad etter bustader og næringsareal. Administrasjonsmålet er nynorsk. Sund kommune sin visjon er: Vi finn løysingar i lag, med kjerneverdiar; Tilgjengeleg, raus, kompetent og løysingsfokusert.

Frå 01.01.2020 vert Sund kommune ein del av nye Øygarden kommune. Øygarden kommune vert den nest største kommunen i fylket med ca. 38 000 innbyggjarar og ca. 2 500 tilsette. Digitalisering er eit viktig satsingsområde i den nye kommunen.

Vi søkjer ein erfaren lønskonsulent som vil vera med å vidareutvikle faget løn og som har interesse for teknologisk utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Automatisering og digitalisering
  • Support/opplæring innan løn og timeregistreringssystem 
  • Lønskøyring A-Å
  • Kontroller og avstemming
  • Sjukepengeoppfølging og kommunikasjon med NAV

Kvalifikasjonar

  • 3 års relevant høgskule-/universitetsutdanning
  • Ha erfaring med lønnskøyring og lønsprosessar
  • God kjennskap til lov- og avtaleverk innan lønsområdet
  • Gode IKT-ferdigheter og systemforståing
  • Kjennskap til Visma
     

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og nøyaktig
  • Fleksibel med gode samarbeidsevner
  • Initiativrik, framoverlent og løysningsorientert

Vi tilbyr

  • Variert arbeid i positivt miljø?
  • Løn etter gjeldande avtaleverk?
  • Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
Sektor
Offentlig
Sted
Sund senter, 5382 Skogsvåg
Bransje
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Konsulent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marianne Kallestad
Stillingstittel
Fagansvarleg løn
Telefon
56 32 75 67
Kontaktperson
Knut Ove Ekren
Stillingstittel
Leiar økonomi
Telefon
56 32 75 68
Følg firma
12 følger dette firmaet

Sund senter, 5382 Skogsvåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 140930256
Sist endret 22. feb. 2019 13:11

Rapporter annonse