Utløpt

Undervisningsstillingar 2019/2020

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Undervisningsstillingar 2019/2020
Frist
10.03.2019
Ansettelsesform
Fast

Vil du vera med oss og byggje framtidas skule for alle elevane i Vaksdal? 


Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar. Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg som søkjar til ledige undervisningsstillingar, vikariat og/eller faste, frå 1. august 2019. Både heiltid- og deltidsstillingar kan bli aktuelt. 


I Vaksdal er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Arbeidet med å fornye Kunnskapsløftet er i gang. Skulane i Vaksdal har jobba i fellesskap mot fornying av læreplanen hausten 2020. Målet i ny læreplan er å styrke utviklingen av elevane si dybdelæring og forståelse. Verdigrunnlaget skal løftes fram i læreplanene, og elevene skal blant annet jobbe tverrfaglig med demokrati og medborgerskap, bærekraftig utvikling og folkehelse og livsmestring. Vaksdalskulen har felles og langsiktige satsninger gjennom PALS, Vurdering for læring og heim-skule samarbeid og som lærar i Vaksdalskulen får du arbeide i lærande felleskap.

 

Vi er stolte av det gode arbeidet som vert gjort av våre tilsette og ynskjer oss fleire lærarar med på laget.

 

Utlysinga gjeld stillingar for skuleåret 2019/2020. For enkelte stillingar kan det verta aktuelt med tidligare tilsetjingsstidspunkt.

 

Rekrutteringa startar i løpet av mars og vil foregå heilt fram til skulestart.

 

Arbeidsstad

Vaksdal kommune har 5 skular; 2 kombinert skule (1-10) og 3 barneskular (1-7), som du kan få nærare opplysningar hjå:

 

Vaksdal skule, Rektor Monika Antun, Tlf. 488 80 311

Stanghelle skule, Rektor Robert Flatås, Tlf. 904 16 404

Dale barne- og ungdomsskule, Rektor Magnar Helland, Tlf. 488 80 331

Stamnes skule, Rektor Hanne Dyvik, Tlf. 976 48 633

Eksingedalen skule, Rektor Liv Anne Bergo, Tlf. 976 53 458

 

Krav til kompetanse

Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar)

God IKT-kompetanse.


Det er i tillegg ynskjeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk og praktisk-estetiske fag


Vi ynskjer å tilsetje positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som;

- er tydelege klasseleiiarar og har evne til å skapa gode relasjonar

- set eleven sitt beste i sentrum

- vektlegg tilpassa opplæring

- har god læreplanforståing og vurderingspraksis

- har gode samarbeidsevner

- er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar

- har godt humør

 

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

 

Vi oppmodar menn til å søkja.


Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.

 

Lønsvilkår

Etter gjeldande lov og avtaleverk.

 

Vaksdal kommune kan tilby

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. 

- Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus

- Spanande og utfordrande stillingar

- Gode og kvalifiserte fagmiljø

- Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Slik søkjer du
Gå inn på www.vaksdal.kommune.no og søk på stillinga.
For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 992 63 956/453 75 984

Om arbeidsgiveren

Vaksdal kommune har vel 4.100 innbyggjarar. Kommunen ligg sentralt til mellom Voss og
Bergen. Bergensbanen og E16 går gjennom store delar av kommunen. Reisetid med tog frå
Bergen er omlag 45 minutt, frå Voss omlag 35 minutt. Sentral plassering gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk,idrett og lagsliv.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
KONSUL JEBSENG. 16, 5722 Dalekvam
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

lærer, undervisning, kontaktlærar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ann Kristin Bolstad
Stillingstittel
Kommunalsjef
Telefon
97 75 97 60
Kontaktperson
Jill Johansen
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
45 37 65 34
Følg firma
28 følger dette firmaet

KONSUL JEBSENG. 16, 5722 Dalekvam

Annonseinformasjon

FINN-kode 140929356
Sist endret 12. mar. 2019 10:25

Rapporter annonse