Utløpt

Senioringeniør (vikar)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Senioringeniør (vikar)
Frist
10.03.2019
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY


Seniorkonsulent (vikariat)

Ved Det medisinske fakultet, fakultetsadministrasjonen, er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent (personalkonsulent). Stillinga er ledig frå snarast og inntil hovudstillingsinnehavar er tilbake. Personalkonsulentane er tilsett på fakultetsnivå, har arbeidsstad på institutt og er eit bindeledd mellom disse nivåa innan personalfeltet. Nærmaste overordna er seksjonssjef for personalseksjonen. Den som vert tilsett vil og jobbe tett med instituttleiinga.

Personalseksjonen handsamar personalsakar på fleire nivå innan eit bredt saksfelt. Arbeidsfeltet er i stadig utvikling med innføring av nye system m.m.


Arbeidsoppgåver:
  • sakshandsamingsoppgåver innan personalsaker, mellom anna
  • effektuere tilsetjingsvedtak (tilbodsbrev, arbeidsavtale og registrering)
  • arbeide innan ulike lov og avtaleverk
  • registrere i personaldatasystemet (PAGAweb)
  • permisjonssøknader
  • legge til rette for å følgje opp sjukmelde og anna fråvær
  • ta imot nye tilsette i samarbeid med instituttet
  • vere leiarstøtte i samband med oppfølging og planlegging innan personalfeltet

Det kan verte aktuelt å leggje andre personaladministrative arbeidsoppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • relevant praksis innan personalfeltet er ein føremon
  • det vil verte lagt vekt på kunnskap om lov- og avtaleverk innan personalforvaltning generelt, og i staten spesielt
  • du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • du må kunne handtere ei hektisk arbeidskvardag med fleire ulike sakar
  • god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt.


Vi kan tilby:
  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø  
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 480 600-534 100. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

 

Søknaden skal omfatte:  

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga 
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar 
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon) 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonssjef Gerd Johannessen, tlf.: 55 58 20 84 eller 924 54 664, e-post: Gerd.Johannessen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Haukelandsveien 28, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 140905941
Sist endret 22. feb. 2019 00:00

Rapporter annonse