Utløpt

Førsteamanuensis/førstelektor i geologi eller fysisk geografi

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Føsteamanuneis/ førstelektor
Frist
17.03.2019
Ansettelsesform
Fast
Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be


Ledig fast stilling som førsteamanuensis/ førstelektor i geologi eller fysisk geografi. Stillinga er ledig frå 1.8.2019

Stillinga vil vere knytt til fakultet for ingeniør- og naturvitskap, institutt for miljø- og naturvitskap, campus Sogndal. Den som vert tilsett i stillinga skal undervise og rettleie på bachelorprogrammet i Geologi og Geofare, på semesterprogrammet Geohazards and Climate Change, og på masterprogrammet i Climate Change Management, og drive forsking på skred- og/eller flomprosessar.

Institutt for miljø- og naturvitskap har om lag 250 studentar og 40 tilsette frå 12 nasjonar. Instituttet tilbyr bachelorutdanningar i fornybar energi, geologi og geofare, og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, masterprogram i Climate Change Management, og semesterprogramma From Mountain to Fjord og Geohazards and Climate Change. Forskinga femner om tema som; energisystem og produksjonsteknologiar, energiøkonomi, berekraftig utvikling, klimaendringar, bre-dynamikk og hydrologi, skred og flaum, berggrunns- og strukturgeologi, økologi, forvaltning og skjøtsel av kulturlandskap, og arealbruk og landskapsøkologi.


Kvalifikasjonskrav:

For fast tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagd doktorgrad innan fagområda geologi eller fysisk geografi. Søkjarar med bakgrunn frå forvaltninga eller konsulentbransjen kan bli vurdert for tilsetting i stillinga som førstelektor dersom vedkomande kan dokumentere relevant fagleg arbeid tilsvarande doktorgrad. Søkjaren må kunne vise til vitskapleg produksjon på problemstillingar knytt til skred- og/eller flomprosessar.

I tillegg vert det lagt vekt på: 

  • Felterfaring og interesse for problemstillingar knytt til geofare.
  • Kompetanse og erfaring i bruk av modelleringsverktøy for skred og/eller flom.
  • Erfaring frå arbeid i Norge og kjennskap til regelverk knytt til skred og/eller flom.
  • Undervisningserfaring frå universitet eller høgskule.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Søkjaren bør skissere aktuelle forskingstema i søknaden.

Personlege eigenskapar:

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som fleksibilitet, evne til å ta initiativ og engasjement.

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Språkkunnskap: 

Undervisningsspråket er norsk og engelsk. Søkjarar som ikkje beherskar norsk eller eitt anna skandinavisk språk må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år frå tilsettingsdato. 

Sakkyndig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 15 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Viss vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før du lastar dei opp eller leggjast ved som lenke. Vi ber om at det i søknaden vert oppgitt to referansar der ein er frå siste arbeidsgjevar. 

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalla til intervju og prøveforelesing. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling

  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som Førsteamanuensis/førstelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/ 1198 førstelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jmf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.


Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Insitituttleiar Tarald Seldal, +47 57676240/+47 95299675, epost: tarald.seldal@hvl.no 


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi.

Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Sektor
Offentlig
Sted
Røyrgata 6, 6856 Sogndal
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor,
Geologi/Fysikk/Kjemi,
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
954 følger dette firmaet

Røyrgata 6, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 140771448
Sist endret 20. feb. 2019 15:38

Rapporter annonse