Utløpt

Brunvoll Volda AS søkjer Ingeniør Mekanisk Design

Arbeidsgiver
Brunvoll (Konsern)
Stillingstittel
Brunvoll Volda AS søkjer Ingeniør Mekanisk Design
Frist
17.03.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Brunvoll AS

Ingeniør mekanisk design
Vi søkjer deg som er interessert i å arbeide med propulsjonssystem i eit innovativt og tverrfagleg utviklingsmiljø. Brunvoll Volda har korte beslutningslinjer og produksjonen vert utført i våre eigne lokale. Du får dermed ei unik moglegheit til å bli kjend med prosessane frå konsept til ferdig produkt.

Arbeidsoppgåver
- Designe framdriftssystem til skip
- Utarbeiding av produksjonsunderlag
- Utvikling av nye tekniske løysingar

Ønska kvalifikasjonar
- Utdanning tilsvarande ingeniør/bachelor/master. Relevant erfaring kan vege opp for utdanning. Nyutdanna vert også oppfordra til å søkje
- Erfaring med dimensjonering og design av roterande maskineri
- Erfaring i bruk av 3D designverkty som t.d. Inventor og Vault
- Materialforståing og erfaring med produksjonsmetodar

Personlege eigenskapar
- God til å samarbeide og til å jobbe i team
- Systematisk og sjølvstendig med god gjennomføringsevne
- God framstillingsevne på norsk og engelsk, skriftleg og munnleg

Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Konkurransedyktige løns-, pensjons- og forsikringsordningar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling saman med dyktige og engasjerte kollegaer

Spørsmål om stillinga kan rettast til: Teknisk sjef: Dag Magnus Eriksen, T: 958 63 077
Send søknad innan 17.03.2019 via: https://www.brunvoll.no/about/careers

Om arbeidsgiveren

Brunvoll-konsernet er ein leiande, maritim systemleverandør med høg eksportdel og god soliditet. Konsernet har lang erfaring med utvikling og produksjon av framdrifts- og manøvreringssystem. Det familieeigde konsernet vart etablert i 1912, og har produksjon i Molde, Volda og Dalen. Konsernet har 460 tilsette og er representert gjennom eit agentnettverk i 25 land. Brunvoll sin visjon er "Trusted World Wide" og våre verdiar er å vere nøyaktig, lidenskapeleg, påliteleg og ansvarleg.

Sektor
Privat
Sted
6100 Volda
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Mekanisk,
Design / Industri
Følg firma
318 følger dette firmaet

6100 Volda

Annonseinformasjon

FINN-kode 140730744
Sist endret 29. mai 2019 11:51

Rapporter annonse