Utløpt

Spesialkonsulent apoteksystem

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT - Tjenesteutvikling
Stillingstittel
Spesialkonsulent apoteksystem
Frist
03.03.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS
Helse Vest IKT forvaltar både kliniske og administrative systemløysingar for alle helseføretaka i Helse Vest. Dette inkluderar alt frå store komplekse regionale system til mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er svært kritiske i pasientbehandlinga og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet.

Seksjon for Administrative system er ein seksjon under Tjenesteutvikling, og her blir mange av dei store systemløysingane i Helse Vest for HR, prosjektstyring, HMS, Sak/arkiv, kvalitetsstyring og eigedom forvalta. I tillegg har seksjonen forvalteransvar for Sjukehusapoteka Vest sine kjernesystem.

Vi søkjer no etter ein medarbeidar som kan bidra i forvaltningsarbeidet rundt desse løysingane. Vi søker primært etter nokon som kan bidra inn mot apoteksystema, men interesse for og kunnskap innanfor dei andre systemløysingane er også interessant, då det også kan bli aktuelt å bidra innanfor andre system.
Du, som forvaltar, vil vere den som har oversikt, planlegg og koordinerar aktiviteten som skal skje rundt desse systema, og følger opp utvikling og bruk.

I rolla som systemforvaltar for apoteksystem skal du bidra til god koordinering mellom relevante fagmiljø i Sjukehusapoteka, internt i Helse Vest IKT og kontakt med leverandørane. Det pågår omfattande prosjektaktivitet for å løfte apoteksystemene til nye og forbedra løysingar og du vil ta del både i dette arbeidet og arbeidet rundt ordninær drift.
Du vil jobbe i team internt i Helse Vest KT og tett opp mot relevante medarbeidarar i Sjukehusapoteka Vest.

Vi ynskjer fortrinnsvis at du har kontorstad Bergen, men vil også gjennom prosessen kunne åpne for kontorstad på dei andre lokasjonene.

Arbeidsoppgåver

  • Rådgjeving i systemløysingane, bidra i problemløysingsteam og vere pådrivar til forbetring og vidareutvikling av system og arbeidsprosessar
  • Koordinering mot brukarmiljøa og internt i Helse Vest IKT
  • Fungere som proaktivt kontaktpunkt til eksterne leverandørar med hensyn til oppgraderingar, funksjons- og løysingsforbetringar
  • Sakshandsaming og dokumentasjon av endringar og feil som oppstår
  • Drift og forvaltning av systemløysingar basert på implementerte ITIL-prosesser i Helse Vest IKT
  • Prosjektdeltaking

Kvalifikasjonar

  • Relevant universitets-/høgskuleutdanning med fordjuping innan IKT og/ eller helsefag
  • Erfaring med forvaltning av system og elles god systemforståing
  • Kjennskap til apoteksystem og apoteket som virksomhet tel positivt
  • God teknisk kompetanse, erfaring og forståelse

Utdanning

  • Høgskule/universitet, Cand.mag / SIV
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • IKT-fag

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Strukturert, systematisk og med fokus på kvalitet
  • Gode samarbeidsarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Interesse for problemløysing og feilsøking

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Medverke til å forme IKT-løysingar for eit helsevesen i framtida
  • Delta på spennande oppgåver innan lokale og regionale prosjekt
  • Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid
  • Løn etter avtale
  • Medlemsskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag dryge 550 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Sted
., 5021 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 6800 Førde
  • 4016 Stavanger
  • 5527 Haugesund
Bransje
Farmasi og legemiddel,
IT
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Oddny Sønnesyn
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
94 86 49 42
Følg firma
827 følger dette firmaet

., 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 140694064
Sist endret 19. feb. 2019 08:28

Rapporter annonse