Utløpt

Undervisningsstilling

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Frist
08.03.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Undervisningsstillingar - Søre Øyane barneskule

Er du engasjert, vaksen og tydeleg og ynskjer vera med å forma den gode skulen?Søre Øyane barneskule ligg i Os kommune og er ein 1-7-skule med 127 elevar. For meir informasjon om skulen, sjå skulen si heimeside: http://www.soreoyane.gs.hl.no. Vår visjon er "Samhald og meistring!"

Søre Øyane barneskule har ledig fleire undervisningsstillingar, både fast og vikariat, deltid og heiltid, frå 01.08.2019.

Arbeidsstad
Søre Øyane Barneskule.

Arbeidsoppgåver
Undervisning på heile barnetrinnet.

Kvalifikasjonar
Kvalifikasjonskrav
- Godkjent lærarutdanning / faglærarutdanning frå høgskule / universitet
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Ønska kompetanse
Vi søkjer etter medarbeidarar som:
- har godkjent kompetanse for undervisning på barnetrinnet, søkjarar med kompetanse for 5.-10. trinn er og aktuelle då
   mykje av undervisninga vil vera på mellomtrinnet
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er fleksibel
- har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og å skape gode relasjonar

Det er ønskjeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk, engelsk, kroppsøving, symjing og estetiske fag.

God muntleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Vi nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk i Os kommune.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og skulen sitt behov.

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Sektor
Offentlig
Sted
RØTINGAVEGEN 45, 5216 Lepsøy
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

undervisning, adjunkt, lærer, pedagogisk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gunnhild Hansen
Stillingstittel
Rektor
Telefon
56 57 59 71
Følg firma
483 følger dette firmaet

RØTINGAVEGEN 45, 5216 Lepsøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 140655289
Sist endret 13. mar. 2019 11:15

Rapporter annonse