Utløpt

To heile faste stillingar ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag

Arbeidsgiver
Høgskulen i Volda
Stillingstittel
Førsteamanuensis/førstelektor i historie i lærarutdanningane
Frist
06.03.2019
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga

Høgskulen i Volda lyser med dette ut inntil to heile faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor  i historie i lærarutdanningane. Stillingane er ledig frå 1.8.2019. Stillingane er ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag.


Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha master/hovudfag i historie og må dokumentere universitets/høgskulepedagogisk basiskompetanse eller praktisk-pedagogisk kompetanse på relevante fagområde. Jf. Nasjonale veiledende retningslinjer for UH-pedagogisk basiskompetanse. Med tanke på aktuelle undervisningstema i samfunnskunnskap vil mediefag i fagkrinsen vere ein fordel. Undervisningserfaring frå grunnskule og/eller vidaregåande skule blir vektlagt.

Søkaren må dokumentere utdanning, relevant arbeidserfaring og FoU-arbeid, og må presisere om ein søker stilling som førsteamanuensis eller førstelektor.

Personlege eigenskapar som samarbeidsevne, evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, god munnleg og skriftleg formidlingsevne og at ein er trygg framfor både store forsamlingar og mindre grupper vil bli vektlagde.

Undervisningsspråket er norsk, og søkaren må beherske norsk skriftleg og munnleg.


Arbeidsområde

Stillinga(ne) gjeld hovudsakleg undervisning, rettleiing og forskings- og utviklingsarbeid i  lærarutdanningane, både på bachelornivå og masternivå. Undervisninga vil vere i samfunnsfagsdidaktikk i PPU, og historie og samfunnskunnskap i grunnskulelærarutdanninga 5-10. Rettleiing av lærarstudentar i praksis vil vere ein del av stillinga(ne). Undervisning på andre studietilbod ved avdelinga kan også vere aktuelt.


Vi tilbyr

Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Førsteamanuensis 1011/førstelektor 1198 frå kr 565 500 - 713 400.

Kontorstaden er ved Høgskulen i Volda.


Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad. 

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkarliste. Søkarar som ønskjer å reservere seg, må under søknad hake av for Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet  på søkaren skal offentleggjerast. Søkaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.


Om søknaden

Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV med kontaktinformasjon for referansar
- inntil 10 vitskapelege arbeid som søkjar vil ha vurdert, inkludert hovudfags-/mastergradsoppgåve og doktorgradsavhandling 
- kort omtale av dei arbeida som søkaren vil ha vurdert, og om kvifor dei er relevante for stillinga
- fullstendig publikasjonslise over alle vitskapelege arbeid, dvs. også av arbeid som eventuelt ikkje ligg ved søknaden

Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane kan verte vurdert av eit sakkunnig utval. Viser til Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, KD 9.2.2006, med endringar 15.9.2015. www.lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.

Søknadsfrist: 6. mars 2019


Kontakt

Nærare opplysningar får du ved å vende deg til instituttleiar ved IPAS, Nils Magne Magerøy, tlf. 70 07 51 63, eller dekan ved ASH Odd Ragnar Hunnes, tlf. 70 07 52 96.


Om instituttet

Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag, IPAS har pr. i dag 16 fast tilsette, og om lag 250 heiltidsstudentar på bachelornivå og masternivå. Kjernefaga ved instituttet er:

  • Samfunnsfag; geografi, historie, organisasjonsteori, sosiologi, statsvitskap og fagdidaktikk
  • Samfunnsplanlegging, med vekt på lokal og regional utvikling og partnarskap
  • Offentleg organisering og leiing
  • Offentleg administrasjon, juss og økonomi
  • Lokal og regional nærings- og samfunnsutvikling, regionaløkonomi

IPAS har ansvar for årsstudium i skuleretta samfunnsfag, samfunnsfagdidaktikk i praktisk pedagogisk utdanning (PPU), samfunnsfag i masterutdanning for grunnskulelærarstudentar 5-10 og samfunnsfag i barnehagelærarutdanninga. IPAS tilbyr vidare årsstudium i samfunnsvitskap, bachelor i planlegging og administrasjon og master i samfunnsplanlegging og leiing.


Om avdelinga

Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for omlag 1100 studentar, fordelt på tre institutt: Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS), Institutt for sosialfag (ISF) og Historisk institutt (HI).


Kva er det beste med Volda?

Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge

Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ


Om arbeidsgiveren

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger
Følg firma
28 følger dette firmaet

Joplassvegen 11, 6103 Volda

Annonseinformasjon

FINN-kode 140639368
Sist endret 18. feb. 2019 13:44

Rapporter annonse