Utløpt

Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor i pedagogikk i barnehagelærarutdanninga mellombels

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor
Frist
06.03.2019
Ansettelsesform
Vikariat
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig inntil 2 mellombelse stillingar  i 100% som førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i pedagogikk i  i barnehagelærarutdanninga.

Stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen.


Om stillinga:

Er du engasjert i barnehagen som ein utdanninginstitusjon for barndom, danning, leik, læring og utvikling? Har du gode idear om korleis undervisinga av barnehagelærarar kan styrkjast slik at barnehagane får godt kvalifiserte barnehagelærarar i framtida? Er du opptatt av forsking på barnehagefeltet? Då kan denne stillinga vere noko for deg.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:
  • Undervising, rettleiing, evaluering av arbeidskrav og oppfølging i praksis.
  • Deltaking i evaluering og vidareutvikling av utdanningstilbod ved instituttet/ fakultetet.
  • Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Arbeidsoppgåvene inneber også deltaking i fagleg og administrativt arbeid på instituttet. Det må påreknast noko reising i stillinga.
  • Deltaking i fellesfagleg arbeid i fagmiljøet som til dømes organisering av fagdagar og kurs- og oppdragsverksemd.
  • I stillinga inngår fagleg- administrativt arbeid.

Kvalifikasjonskrav:
  • Søkjar må ha mastergrad i pedagogikk eller tilgrensande fagområde som har relevans til pedagogikkfaget i barnehagelærarutdanninga.
  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar  ha avlagt doktorgrad med relevans for pedagogikk i barnehagelærarutdanninga.  
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.
  • Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men og ha evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Høgt etisk medvit i møte med studentar og kollegaer i høgskule og barenhage er påkrevd.
  • Søkar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
  • Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med førstekompetanse vil det vurderast å tilsetje høgskulelektor.

 

Ønska kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar/ førskulelærar.
  • Erfaring frå arbeid i høgskule/universitet.
  • Erfaring med deltaking i relevant forskings- og utviklingsarbeid.
  • Profesjonsfaglig digital kompetanse
  • Kompetanse om mangfold
  • Kompetanse om barns seksuelle utvikling
  • Kompetanse om barnehagens historie

Det vil bli vurdert om søkjar er personleg egna for stillinga.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla  inn til intervju og det kan bli aktuelt å halde ein kort prøveforelesning.

 


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og kan bli bedne om å halde prøveforelesing


Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling

  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/ 1008.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.


Kontaktperson på Høgskulen på Vestlandet:

Assisterende instituttleder Torunn Herfindal , telefon: +47 55 58 57 39 / mobil +47 90632002


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gir  undervisning på  alle nivå og er involvert i  barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og  masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.  

 

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I  denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med  viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling. , .

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
Følg firma
964 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 140575110
Sist endret 17. feb. 2019 17:06

Rapporter annonse