Utløpt

Leveransekoordinator - det store biletet

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Leveransekoordinator - det store biletet
Frist
10.03.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS
Vi trenger eit nytt lyst hovud. Vi trenger eit menneske som kan snakke med controlleren om innkjøpsavtalar, teknikaren om TCP/IP-utfordringane i byggeprosjektet, og forvaltaren om siste patch - på same utpust.
Vi trenger nokon som ser det store biletet, og sikrar alle leveransar frå tenesteproduksjon og ut i prosjekta: ein leveransekoordinator.

Sidan 2004 har Helse Vest IKT totallevert IT-utstyr og -løysingar til heile Helse Vest, og vi aukar jamleg trykket på innovasjon og nyvinningar til forenkling av pasientkvardagen. Vi ser at sjølv om prosjekta våre berre vert fleire og større har prosjektkoordinatorane våre stålkontroll på sine eigne prosessar. No trengst det nokon som kan hauste ut vinsten og kunnskapen frå eitt prosjekt, og implementere det i neste, før dobbeltarbeidet er eit faktum.

Det betyr at du må vere multidisiplinær som få, helst med ein IKT-bakgrunn, og helst med erfaring frå prosjektarbeid, men aller viktigast - du må ha ein koordinasjonsprosessor i kvanteligaen!

Arbeidsoppgåvene til strekke seg frå mindre prosjekt, som oppgradering av små software-system, og like til utfasing av heile serverløysingar, og implementering av nye. (Du vil aldri kjede deg, det garanterar vi.)

Vi har sett utdanningsnivået til diplom-/bachelorgrad for denne stillinga, men vi har ein mistanke om at dette kanskje ikkje er det viktigaste. Høyrest det ut som om du har kvalitetane og erfaringa som trengst, så søk!

Kvalifikasjonar

  • Bakgrunn frå IKT-fag
  • Erfaring med prosjektarbeid
  • Erfaring med koordinering på tvers av fagdisiplinar (frå USB-C til trykkluftbor)

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Evne til å snakke lidenskapeleg om teknologi til folk vert vassne i auga
  • Evne til å skifte fagspråk like kjapt som Kristian Valen skiftar dialekt
  • Evne til å strukturere din eigen arbeidskvardag, tidsrammer og prioriteringar er avgjerande
  • Ryggrad til å melde frå om status og tiltak, om det er gode er dårlege nyheiter
  • Evne til å katalogisere og hente fram kunnskap frå andre prosjekt, for å heve dagens til neste nivå
  • Ein imøtekommande personlegdom
  • Namnet Sid Meier gjer deg glad
  • Du får bensin på bålet av gode resultat og måloppnåing

Vi tilbyr

  • Eit postivt og løysingsorientert arbeidsmiljø
  • Frontlinja av IT-utvikling for helsevesenet (les: Innovasjon med stor I)
  • Valfri arbeidsstad mellom perlene på Vestlandet
  • Stort fagmiljø, kort tenesteveg, smidig organisasjon
  • Løn etter avtale, offentlege tenestegoder

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag dryge 550 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Ibsens gate 104, 5053 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 6800 Førde
  • 5527 Haugesund
  • 4016 Stavanger
Bransje
IT,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Harald Flaten
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
95 94 52 37
Følg firma
827 følger dette firmaet

Ibsens gate 104, 5053 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 140406950
Sist endret 15. feb. 2019 14:38

Rapporter annonse