Utløpt

Personvernombod

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Personvernombod
Frist
03.03.2019
Ansettelsesform
Fast

Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal opprette ei fast stilling i 100 % som personvernombod. Vi søker etter ein ny medarbeidar som vil få ei sentral rolle i å forme stillinga innanfor rammene av mandatet.


Personvernombodet ved HVL skal ha ein rådgjevande og kontrollerande rolle i det vidare arbeidet med implementering og oppfølging av den nye personvernforordninga i høgskulen. Ombodet skal sjå til at personopplysningar vert handsama på forsvarleg og korrekt måte både når det gjeld studentar, tilsette og dei registrerte i forsking og utdanning. Ombodet skal rapporterte direkte til rektor og styret. Stillinga vil høyre til under avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering, og jobbe i tett samarbeid med informasjonssikkerheitsrådgjevar. Du bestemmer sjølv om du skal ha Førde, Sogndal, Bergen, Stord eller Haugesund som hovudarbeidsplass. Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til alle campusane, og stillinga vil krevje ein del reising. 

                                                      

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

HVL er under utvikling. Vi bygger ein ny organisasjon, med nye strukturar og system, der personvern er med som ein integrert del av verksemda. Vi søker etter ein person som har kunnskap og interesse innanfor personvernrett og personvernlovgivinga. Du bør ha solid forståing innanfor IKT, informasjonssikkerheit og regelverk for handsaming av personopplysningar. Personvernombodet bør ha kjennskap til universitets- og høgskulesektoren, gjerne innan forsking, og elles sakshandsaming av personvernsaker, IT-system, informasjonssikkerheit og personvernbehov.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til å få oversikt og dokumentere handsaming av personopplysningar i høgskulen og vurdere dei opp mot personvernlovgivinga
  • Informere og gje råd om kva krav som vert stilt til høgskulen og tilsette ut frå lovgivinga, og stimulere til at personopplysningar vert handsama i tråd med regelverket
  • Kontrollere at høgskulen fylgjer personregelverket, eigne rutinar og internkontrollsystem
  • Gje råd om og delta i vurderingar av personvernkonsekvensar (DPIA), og kontrollere gjennomføringa
  • Samarbeide med tilsynsorgan og følgje opp samarbeid med andre eksterne samarbeidspartar
  • Handtere førespurnadar og støtte personar som er registrert i høgskulen sine system
  • I oppstartperioden vil ombodet ha ein operativ rolle for å støtte alle einingar i kartlegging og eventuelt gjennomføring av fleire naudsynte tiltak knytt til den nye personvernforordninga. Samarbeid med informasjonssikkerheitsforum og særleg forskingsadministrasjonen vil stå sentralt                  

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning på mastergradnivå, gjerne med juridiske fag i fagkrinsen
  • Kunnskap om og interesse for personvern og personvernlovgivinga
  • Forståing for IKT og informasjonssikkerheit
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein fordel, fortrinnsvis innan forsking
  • Gode språkkunnskapar innan norsk og engelsk (skriftleg og munnleg)                                      

Personlige eigenskapar:

  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til å motivere og engasjere andre
  • Analytisk og strukturert, med evne til å kombinere kortsiktige oppgåver med langsiktig planlegging
  • Høg integritet og kunne utføre oppgåver på ein uavhengig måte
  • Fleksibel, løysingsorientert og fagleg engasjert

Vi tilbyr:
Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1434For spesielt godt kvalifiserte kandidatar kan stillingskode seniorrådgjevar vurderast. Frå løn vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordninger i Statens pensjonskasse
  • Spennende fagmiljø med mulighet for kompetanseheving - og utvikling
  • Fleksitid i henhald til Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Høve for trening i arbeidstida

Korleis søke på stillinga? 
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida. 

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne.

Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

Heimeside

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

 

1) Organisasjonsdirektør Tage Båtsvik, telefon +47 53 49 14 05 / mobil +47 454 26 924                                  

                                                      

Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sektor
Offentlig
Sted
Høgskulen på Vestlandet, 5063 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 6812 Førde
  • 6856 Sogndal
  • 5414 Stord
  • 5528 Haugesund
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning
Følg firma
964 følger dette firmaet

Høgskulen på Vestlandet, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 140375028
Sist endret 20. feb. 2019 10:24

Rapporter annonse