Utløpt

Ny frist: Norsk Reiselivsmuseum søker vikariat avdelingsleiar

Arbeidsgiver
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Vikariat som avdelingsleiar
Frist
03.02.2020
Ansettelsesform
Vikariat

AVDELINGSLEIAR VED NORSK REISELIVSMUSEUM –

VIKARIAT     

 

Kort om museet

Norsk Reiselivsmuseum er ei avdeling under Musea i Sogn og Fjordane og er lokalisert i Balestrand ved Sognefjorden. Museet formidlar reiselivshistorie frå byrjinga av 1800- talet og fram til i dag.

 

Arbeidsoppgåver

Musea i Sogn og Fjordane søkjer etter vikarierande avdelingsleiar ved Norsk Reiselivsmuseum. Vikarierande avdelingsleiar har det daglege ansvaret for drifta ved museet, herunder ansvar for to faste medarbeidarar, samt sommarvertar. Vikariatet er på 12 månader.

 

Vi søkjer ein resultatorientert person med driftsfokus. Stillinga rapporterer til administrerande direktør i stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Du må rekne med noko arbeid utanfor normal arbeidstid i samband med arrangement. Stillinga stiller krav til sjølvstende og struktur.

 

Kompetanse og kvalifikasjonar

·        Høgare utdanning innan museumsrelevante fag, eller annan relevant høgare utdanning

·        Leiarerfaring frå kunnskapsverksemd/museumsdrift

·        God munnleg og skriftleg formuleringsevne

·        Ønskeleg med førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar

•        Evne til samarbeid og nettverksbygging

•        Målretta og strukturert

•        Inkluderande 

 

Det er ønskeleg med snarleg tiltreding.

 

Stillingane blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale.

Musea i Sogn og Fjordane er inne i ein organisasjonsprosess.

 

Nærare opplysningar får ein ved å ta kontakt med adm.dir. Kjartan Aa Berge, tlf.414 46 439.

 

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg, om dette blir kravd, blir søkarane kontakta på førehand.

Søknad med CV på "søk her", eller pr. post til Gota 16, 6823 Sandane, innan 3. februar. Søknad merkast "Vikariat Avdelingsleiar NRM"                                               

Om arbeidsgiveren

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane med hovudkontor på Sandane, har følgjande hovudavdelingar: De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum,Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Norsk Kvernsteinsenter og Sogn og Fjordane Kunstmuseum, og har til saman omlag 50 årsverk.
Sunnfjord Museum er eit kulturhistorisk museum med samlingar og utstillingar som skal spegle dagleglivet i Sunnfjord.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Holmen 12, 6899 Balestrand
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering,
Ledelse,
Prosjektledelse

Nøkkelord

Museum, Reiseliv, Turisme, Balestrand, Sogn

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjartan Aa Berge
Stillingstittel
Adm.direktør
Mobil
41 44 64 39
Følg firma
65 følger dette firmaet

Holmen 12, 6899 Balestrand

Annonseinformasjon

FINN-kode 140338101
Sist endret 11. mar. 2020 09:28

Rapporter annonse