Utløpt

Engasjert samfunnvitar

Arbeidsgiver
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Stillingstittel
Samfunnsvitar Stiftelsestilsynet
Frist
01.03.2019
Ansettelsesform
Fast

Stiftelsestilsynet sitt samfunnsoppdrag er å skape tryggleik og tillit til stiftelsesforma. Dette gjer vi gjennom å godkjenne endringar i vedtekter,føre tilsyn med stiftelsar og informere brukarane våre og samfunnet elles.Avdelinga har 15 tilsette.

Stiftelsestilsynet jobbar med eit rettsområde i utvikling og søkjer no etter ein engasjert samfunnsvitar som har lyst til å vere med på å drive fram eit moderne tilsynsområde. Vi ønskjer å verei front i utviklinga av risikobaserte og innovative tilsyn som gir meirverdifor brukarane. Sakshandsaming og tilsyn med stiftelsar er kjerneoppgåverved avdelinga, men i tilsynsverksemd er det stadig viktigare med aktivutvikling og formidling av kunnskap til stiftelsar og samfunnet elles. Vi ønskjerno å tilsette ein samfunnsvitar med erfaring frå og interesse for analyse- ogstatistikkarbeid, utgreiing, kunnskapsformidling og kommunikasjon.

Stillinga blir lyst ut som rådgjevar/seniorrådgjevar.

 

Arbeidsoppgåver

  • statistikkarbeid, analyse og utgreiing på stiftelsesområdet
  • tilsyn etter stiftelseslova
  • rettleiing og sakshandsaming

Ved behov må du også rekne med å jobbe med andre oppgåver i tilsynet.

Kvalifikasjonar

  • mastergrad i samfunnsvitenskaplege fag
  • god munnleg og skriftleg formuleringsevne, gjerne med erfaring frå rettleiing og formidling
  • erfaring frå statistikk- og analysearbeid og kunnskapsformidling
  • fordel med erfaring frå prosjektarbeid
  • fordel med erfaring frå kommunikasjonsarbeid 

Personlege eigenskapar

  • strukturert og analytisk
  • evne til å tenke heilskapleg 
  • evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • gode kommunikasjonsevner
  • fleksibel og serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine
  • IA-bedrift
  • lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet.

 

Rådgjevar blir løna i stillingskode 1434, og seniorrådgjevar i stillingskode 1364. Frå løna blir det trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har seks månaders prøvetid. Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.

 

Om arbeidsgiveren




Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi er to statlege tilsyn i ein organisasjon - begge med viktige samfunnsoppdrag.


  • Lotteritilsynets hovudmål er å sikre eit trygt og ansvarleg speltilbod i Norge og å forebygge og beskytte mot speleproblem. Lotteritilsynet skal også fordele momskompensasjon til frivillig aktivitet og arbeide mot kampfiksing.
  • Stiftelsestilsynets hovudmål er å trygge stiftelsesforma gjennom tilsyn og kontroll av norske stiftelsar.

Dei to tilsyna har felles administrasjon og held til i Førde. Sjå www.lottstift.no


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Storehagen 1B, 6800 Førde

Nøkkelord

Engasjert, samfunnviar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Siw Heggedal Longvastøl
Stillingstittel
avdelingsdirektør
Telefon
90 07 49 74
Kontaktperson
Øystein Fosstvedt
Stillingstittel
seniorrådgjevar
Telefon
99 28 43 18
Følg firma
37 følger dette firmaet

Storehagen 1B, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 140126106
Sist endret 11. feb. 2019 15:09

Rapporter annonse