Utløpt

Vi søker Rektor/Dagleg leiar med stort engasjement og som brenner for å få til ein god skule

Arbeidsgiver
STIFTINGA TUDDAL MONTESSORISKULE
Stillingstittel
Stilling ledig som Rektor/Dagleg leiar
Frist
17.03.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Manpower
Stilling ledig som Rektor/Dagleg leiar
Vi søkjer ein engasjert rektor til ein montessoriskule under etablering.

Arbeidsoppgåver:
• Pedagogisk leiar og dagleg leiar av skulen
• Saman med skulens pedagogiske medarbeidarar, etablere eit godt samarbeid mellom heim og skule
• Saman med skulens tilsette, skape eit godt arbeidsmiljø for vaksne og elevar
• Saman med styret, utvikle skulens profil og strategi
• Totalansvar for budsjett, resultat og tilsette ved skulen
• Undervisning 50%

Kvalifikasjonar
• Fordel med relevant leiarutdanning/leiarerfaring
• Innsikt i og interesse for montessoripedagogikk
• Relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå, det er ein fordel med praksis frå skuleverket
• Kunnskap om leiing, personalarbeid, økonomi og IKT

Eigenskapar
• Evne til å skape eit godt og trygt skulemiljø
• Må kunne samarbeide godt både med elevar, foreldre, dei tilsette og styret
• Er ein god leiar både i med- og motvind
• Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
• Strukturert og sjølvgåande
• Nyskapande og utviklingsorientert

Kva skulen tilbyr
• Eit aktivt og interessert styre
• Fagleg oppdatering/videreutvikling
• Løn og pensjon etter avtale
• Sjansen til å forme ein ny skule som Tuddal Montessoriskules fyrste rektor
• Hjelp til å finne ein stad å bu i Tuddal


Søknad sendast til: asbjorg.meyer@manpower.no
Søknadsfrist: 17. mars 2019

Søk på stillingen

Klikk Søk Stilling for å komme til vår hjemmeside hvor du kan registrere din CV og søke stillingen.

Om arbeidsgiveren

Tuddal er ei fjellbygd i Hjartdal kommune, i hjartet av Telemark og på solsida av den majestetiske Gaustatoppen. Bygda er ein populær turiststad med mange hytter, fleire campingplassar og eit historisk hotell. Til verdsarvbyane Rjukan og Notodden er det berre om lag 30 og 40 minuttar med bil frå Tuddal sentrum.

I Tuddal har me nærbutikk, byggevareutsal, snikkarverkstad, husflidshandel, kafé, fleire entreprenørar, eit tradisjonsrikt bygdetun og eige mikrobibliotek. Bygda har ein sterk dugnadskultur med fleire aktive lag og foreiningar.

For den som er glad i friluftsliv, kan me by på flotte turområde med mange fiskevatn og mange mil med preparerte skiløyper om vinteren.

Den tradisjonelle folkekunsten med musikk-, handverks- og forteljartradisjonar er ein viktig del av bygdas identitet. Det er som regel stor oppslutting rundt 17. maifeiringar, julearrangement og bygdedagar.

I Tuddal har det vore skule sidan 1883. Etableringa av Tuddal Montessoriskule er eit resultat av at foreldra i bygda ynskjer at det skal vere skule her i mange år til. Kommunen har vedteke å selje skulebygget til Tuddal Montessoriskule og vil leige lokala i 1. etasje av skulebygget der barnehagen driv i dag. Hjartdal kommune er positive til etablering av friskule i Tuddal, og tuddølane har vist stort engasjement for å sikre vidare skuledrift. Dei siste åra har oppvekstsenteret blitt berika med barn med ulik kulturell bakgrunn, og elevtalet er på nytt aukande. Eit trygt og godt skuletilbod vil bidra til at Tuddal vil vera ein god stad å vakse opp også for kommande generasjonar og få enda fleire til å busette seg her.

Styret har eit ynskje om at det tette samarbeidet med barnehagen blir vidareført for å sikre eit trygt og godt miljø for ungane våre, i tillegg bidra til eit større sosialt miljø på arbeidsplassen for dei vaksne.
Skulen ligg sentralt i bygda. I tillegg til skule- og barnehagedrift brukast gymsalen fleire kveldar i veka av idrettslaget til mellom anna brytetrening og spinning. Ved skulen er det både grusbane og ballbinge. Vinterstid blir den nyoppussa lysløypa bruka både til skitrening og skikarusellar, til leik og trivsel for skulen og barnehagen og av alle andre som vil ha seg ein skitur.
Tuddal Montessoriskule kjem til å få mellom 20 og 30 elevar frå 1. til 7. klasse, og i fyrste omgang vil skulen, i tillegg til rektor, ha 2,4 lærarårsverk. Skulen har fått godkjenning frå Utdanningsdirektoratet til oppstart hausten 2019.
Som ein liten skule vil me bruke dei gode føresetnadene dette gir til å ha fokus på den enkelte eleven, lokal kultur og tradisjon og bruk av naturen.

Kandidaten me ser etter må ha lyst til å vere med på å etablere og forme ein attraktiv skule med eit godt lag av medarbeidarar. Som rektor får du ansvar for alle tilsette og blir både pedagogisk leiar og dagleg leiar av ein ny liten bedrift. Noko undervising kan du også sjå fram til.


Nettverk
Facebook, LinkedIn, X
Sektor
Privat
Sted
3697 Tuddal
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor,
Undervisning og pedagogikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Asbjørg Meyer
Telefon
92 09 75 56
Kontaktperson
Stine E Engelstad
Følg firma
11476 følger dette firmaet

3697 Tuddal

Annonseinformasjon

FINN-kode 140098731
Sist endret 20. mar. 2019 10:34

Rapporter annonse