Utløpt

Står du på ekstra for kundane?

Arbeidsgiver
Evotec AS
Stillingstittel
Serviceingeniørar
Frist
28.02.2019
Ansettelsesform
Fast

SERVICEINENIØRAR
EVOTEC AS – ULSTEINVIK

Er du ein ung, eventyrlysten og teknisk kunnskapsrik person?

Vi søkjer no etter Serviceingeniørar for snarleg tilsetjing.
Vedkommande vi søkjer er ein motivert og strukturert medarbeidar som er proaktiv, tek ansvar og er villig til å ha sentral rolle i gjennomføring av små og store jobbar ifbm. oppstartar og serviceoppdrag ute hjå kunde.

Kandidaten vi søkjer bør ha ei grunnleggande god utdanning, og finn motivasjon i å være i første linje for å løyse kunden sine utfordringar, drive generell service og vedlikehald, eller ta del i oppstart av leveransar frå Evotec AS.

Du må vere eventyrlysten og klar til å kunne reise ut på kort varsel når behovet er der.
Vi leverer prosjekt og har kundar rundt heile verda, og skal vi vinne framtida må vi sørge for at desse vert tatt godt vare på gjennom tenestene vi tilbyr.

Vi søkjer serviceingeniørar innanfor ulike disiplinar, både mekanikk/hydraulikk og automasjon/elektro/kontrollsystem

Men; kan du vise til god kunnskap på tvers av disiplinane, eksempelvis automasjon/elektro med god forståing og interesse for mekanikk og hydraulikk, så vil dette telje positivt i søknadsvurderinga.
Det same gjeld å kunne vise til noko erfaring i liknande industri og stilling.

Du må fungere både som lagspelar i team, og ute på serviceoppdrag åleine, og elles har personlege eigenskapar som gjer deg til ein god ambassadør for oss i kontakt med kundar.
Du må ha kommersiell teft som både tek omsyn til kostoptimale løysingar for kundane, og det å skulle tene pengar på tenestene og produkta vi tilbyr.

Stillinga er primært ei stilling som inneheld og krevjer mykje reising, men i perioder utan slike oppdrag vil det krevjast at ein deltek i anna arbeid i bedrifta, eksempelvis montering og testing i eigen produksjon.

Stillinga vil rapportere til Customer Support Manager.

Søknad med CV via Finn.no søknadsportal innan 28.02.2019

Om arbeidsgiveren

Evotec AS utviklar og leverer komplette system og handteringsløysingar til kundar innanfor fiskeri/akvakultur, marine forsking, seismikk og offshore.
Ein stor del av det vi leverer er basert på kunderetta tilpassing og utvikling av løysingar.
Vi er ca. 50 tilsette og held til i moderne kontor -og produksjonslokale i Ulsteinvik.

Etter nokre år som del av eit større konsern er vi no tilbake med forankring i lokalt eigarskap og skal rigge bedrifta for vidare satsing og vekst.

Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Storehølvegen 9, 6065 Ulsteinvik
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Teknisk service

Nøkkelord

Service, Reise, Mekanikk, Automasjon, Hydraulikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rolf Arne Ramstad
Stillingstittel
Customer Support Manager
Telefon
90 56 51 94
Følg firma
35 følger dette firmaet

Storehølvegen 9, 6065 Ulsteinvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 139881335
Sist endret 1. mar. 2019 21:31

Rapporter annonse