Utløpt

Er du ein god selgar?

Arbeidsgiver
Evotec AS
Stillingstittel
Salgssjef - Fiskeri
Frist
28.02.2019
Ansettelsesform
Fast

SALGSSJEF - FISKERI
EVOTEC AS – ULSTEINVIK

Vi søkjer no etter Salgssjef - Fiskeri for snarleg tilsetjing.

Innanfor fiskeri har Evotec ein moderne nyutvikla produktrange som er etterspurt grunna store oppsider med arrangement på båt mhp. storleik og vekt, i tillegg til svært kontrollerbar og energieffektiv elektrisk drivlinje.
Fiskeri er eit svært viktig strategisk marknad for veksten bedrifta skal ha framover.

I tillegg er Evotec etablert innanfor offshore og seismikk marknadane, og på veg inn på forskingsmarkedet, så noko bistand inn mot desse markedsområda kan også verte aktuelt.

Vedkommande vi søkjer er ein motivert og strukturert medarbeidar som er proaktiv, tek ansvar og er villig til å ha ei sentral rolle i å utarbeide tilbod og vinne kontrakter, i inn og utland.

Er du?
- Framoverlent, kontaktskapande og engasjert?

Har du?
- Erfaring frå fiskeri, enten som skipper, trålbas eller har annan operasjonell erfaring?
- God evne til kommunikasjon både på norsk og engelsk, muntleg og skriftleg?

Har du i tillegg teknisk innsikt og/ellers salgserfaring så er dette ein stor fordel.

Stillinga er primært med arbeidsstad i Ulsteinvik, men vil også krevje ein del reiseverksemd for å nå ut til kundane og elles vere aktiv i ulike salgs/markedsretta samanhengar.

Stillinga vil rapportere til VP Sales and Marketing

Søknad med CV via Finn.no søknadsportal innan 28.02.2019

Om arbeidsgiveren

Evotec AS utviklar og leverer komplette system og handteringsløysingar til kundar innanfor fiskeri/akvakultur, marine forsking, seismikk og offshore.
Ein stor del av det vi leverer er basert på kunderetta tilpassing og utvikling av løysingar.
Vi er ca. 50 tilsette og held til i moderne kontor -og produksjonslokale i Ulsteinvik.

Etter nokre år som del av eit større konsern er vi no tilbake med forankring i lokalt eigarskap og skal rigge bedrifta for vidare satsing og vekst.

Sektor
Privat
Sted
Storehølvegen 9, 6065 Ulsteinvik
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Salg

Nøkkelord

Salg, Fiskeri, Handteringsutstyr, Vinsjer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torkjell Ringstad
Stillingstittel
VP Sales and Marketing
Telefon
97 60 37 99
Kontaktperson
Geir Henning Kalvatn
Stillingstittel
Sales & Tender Manager
Telefon
97 14 59 20
Følg firma
35 følger dette firmaet

Storehølvegen 9, 6065 Ulsteinvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 139879981
Sist endret 1. mar. 2019 21:31

Rapporter annonse