Utløpt

Har du interesse for mekanikk og er flink til å lede team?

Arbeidsgiver
Evotec AS
Stillingstittel
Produksjonsformann
Frist
28.02.2019
Ansettelsesform
Fast

PRODUKSJONSFORMANN
EVOTEC AS – ULSTEINVIK

Då vår noverande formann snart går av med pensjon, søkjer vi no etter Produksjonsformann innanfor mekanisk for snarleg tilsetjing.

Vedkommande vi søkjer er ein motivert og strukturert medarbeidar som er proaktiv, tek ansvar og er villig til å ha sentral rolle i gjennomføring av små og store prosjekt, både leveranse og utvikling/prototype.
Vedkommande må vere «hands-on» og delta i montering og testing som utførande ressurs, men i tillegg kunne ta del i oppgåver opp mot planlegging og tilrettelegging av arbeidet i produksjon, i samarbeid med produksjonssjef og formann for elektrodisiplin. Og ut frå dette styre teamet i produksjon for å nå planlagde mål/tidsfristar, og halde den standard og kvalitet som krevjast både på arbeidsutførelse og produkta ein leverer.

Du bør ha ei grunnleggande god utdanning, og ha erfaring og interesse for mekanikk.
Det er ein fordel om du kan vise til erfaring i tilsvarande rolle innanfor arbeidsledelse.

Ein viktig del av jobben vil vere sparring med ingeniørane på vår tekniske avdeling. Herunder å ha ansvar for erfaringstilbakeføring frå produksjon til design, samt kunne delta i design gjennomgang når nye løysingar skal etablerast.
Samarbeid og kommunikasjon med innkjøp og sourcing vil også vere viktig, slik at ein ved prioritering av vare/deleflyt inn mot produksjon får dette lagt opp best mogleg.

Det er også viktig å ha eit rett fokus på HSE når tungt utstyr skal monterast og handterast, og denne stillinga er viktig for å etablere ein god balansert HSE kultur i produksjonen.

Stillinga vil rapportere til Production Manager.

Søknad med CV via Finn.no søknadsportal innan 28.02.2019

For meir informasjon, kontakt John Arne Sætre (Production Manager) på tlf. (+47) 97 47 75 22,
eller Bjørn Berge (Operation Manager) på tlf. (+47) 91 59 61 60.

Om arbeidsgiveren

Evotec AS utviklar og leverer komplette system og handteringsløysingar til kundar innanfor fiskeri/akvakultur, marine forsking, seismikk og offshore.
Ein stor del av det vi leverer er basert på kunderetta tilpassing og utvikling av løysingar.
Vi er ca. 50 tilsette og held til i moderne kontor -og produksjonslokale i Ulsteinvik.

Etter nokre år som del av eit større konsern er vi no tilbake med forankring i lokalt eigarskap og skal rigge bedrifta for vidare satsing og vekst.

Sektor
Privat
Sted
Storehølvegen 9, 6065 Ulsteinvik
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Mekanikk og installasjon

Nøkkelord

Formann, Mekanisk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
John Arne Sætre
Stillingstittel
Production Manager
Telefon
97 47 75 22
Kontaktperson
Bjørn Berge
Stillingstittel
Operation Manager
Telefon
91 59 61 60
Følg firma
35 følger dette firmaet

Storehølvegen 9, 6065 Ulsteinvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 139879319
Sist endret 13. feb. 2019 21:45

Rapporter annonse