Utløpt

Nettverksingeniør

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Nettverksingeniør
Frist
24.02.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS
Helse Vest IKT har ansvar for produksjon av IKT-tenester for alle sjukehus i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerhet.

Vi har ledig ei fast stilling innanfor området nettverksdrift, der ein vil jobbe med det kabla nettet i Helse Vest. Dette inkluderer kantnett, nett i datasenter og SDN. Dei to neste åra har vi planar om å implementere ein variant av SDN både på kantnettverk og i datasenternettverket vårt. Vi ynskjer deg som er genuint interessert i dette fagområdet og IKT-infrastruktur. Det er moglegheiter for å spesialisere seg på enkelte fagområde.

Vi kan tilby utfordrande oppgåver i 3. linje teknisk drift i eit av Vestlandets største datanett.
Du vel sjølv om du vil arbeide frå Førde, Bergen, Haugesund eller Stavanger.

Arbeidsoppgåver

  • Involvering i både design, drift, installasjon og konfigurasjon av nettverk basert på Cisco sine plattformar.
  • Gode moglegheiter til å påverke vidare framdrift av nettet i Helse Vest.
  • Feilsøking og 3. linjesupport innanfor nettverksdrift, samt optimalisering av eksisterande infrastruktur.
  • Endringshandtering, oppgradering og vedlikehald.
  • Dokumentasjon av konfigurasjon, oppsett og rutinar.
  • Prosjektdeltaking i interne prosjekt og utbyggingar.
  • Andre førefallande oppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning (bachelor/master).
  • Relevante sertifiseringar (CCNA, CCNP, CCIE o.l.) og erfaring kan veige opp for manglande utdanning.
  • Relevant erfaring innan drift av nettverk og IT-infrastruktur.
  • Erfaring med scripting (Python, Perl, e.l.) er ein fordel.
  • God kunnskap og erfaring med Ciscos plattform eller nettverksdrift generelt.
  • Kunnskap om ruting og switching, fortrinnsvis OSFP, BGP og MPLS, m.m.
  • Kjennskap til ITIL.
  • Flytande norsk, både skriftleg og munnleg, er eit krav for denne stillinga.

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • IKT-fag

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Vi ser etter ein som er positiv, nysgjerrig, engasjert og sjølvstendig.
  • I arbeidet er det viktig å ha fokus på løysningar, vere strukturert og analytisk.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Evne til å jobbe i tverrfaglige team.
  • Strukturert, systematisk og med fokus på kvalitet.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Ein moderne og innovativ infrastruktur som understøttar behova i sjukehusa.
  • Eit særs kompetent og stadig veksande fagleg miljø i ei av Noregs største IKT-verksemder.
  • Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som indirekte bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet.
  • Gode moglegheiter for personleg initiativ, styring av det faglege, og interessante utfordringar.
  • Trygg arbeidsplass med forutsigbare rammer.
  • Fleksitid.
  • Løn etter avtale.
  • Stillinga gir medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
  • Noko overtid og arbeid utanfor normal arbeidstid må påreknast.

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag dryge 550 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Sted
., 5052 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 5527 Haugesund
  • 6800 Førde
  • 4016 Stavanger
Bransje
IT,
IT - programvare
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
IT utvikling / Utvikler (generell)

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Andreas Espelid
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
41 47 65 52
Følg firma
827 følger dette firmaet

., 5052 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 139825927
Sist endret 15. feb. 2019 14:40

Rapporter annonse