Utløpt

Lyst på kjekk jobb i kokketeamet vårt?

Arbeidsgiver
Flåmsbrygga Hotell AS - Bryggerihotellet
Stillingstittel
Sous Chef
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Me på Flåmsbrygga hotell ynskjer oss ei engasjert, triveleg, og kreativ sjel.

Du vert sentral i utvikling av nye menyar for vårt restaurant-konsept der vårt fokus ligg på kombinasjon av øl og mat. For oss er det viktig at du likar øl og at du ser dei store moglegheitene som ligg i kombinasjonen mat og øl.

Me ser etter deg som:

  • Har fagbrev som kokk
  • Har erfaring frå økonomi og drift av kjøkken med 3-5 års erfaring – gjerne som sous chef eller anna erfaring som leiar på kjøkken.
  • Er god på konsept- og menyplanlegging
  • Kommuniserer godt på norsk eller anna skandinavisk språk både munnleg og skriftleg. Du beherskar engelsk.
  • Jobbar strukturert, set deg inn i eksisterande rutinar og system, og er oppteken av
     matsikkerheit og reinhald. 

Me ynskjer nokon som likar å vera ein del av eit team, men som samstundes er sjølvstendig og ikkje er redd for å ta i eit tak. Du må trivast i små, uformelle miljø både på og utafor jobb. Arbeidstida er for det meste på sein ettermiddag/kveldstid med ansvar for a la carte og selskapsservering i Flåmstova restaurant.

Føler du deg truffet, så er vi interessert i ein prat med deg. Send oss din CV med eit brev der du fortel litt om deg sjølv til e-post mat@flamsbrygga.no.

Vi kan tilby

Ein god arbeidsplass med hyggelege kollegaer der du får brukt din kreativitet og utviklingstalent, samt at du får konkurransedyktig løn for å drive med det du aller helst vil drive med.

Du er velkomen inn i vårt gode og uhøgtidlege arbeidsmiljø – her gjer vi ikkje skilnad på høg eller låg og humor er ein viktig ingrediens på kjøkkenet vårt.


Om arbeidsgiveren

Flåmsbrygga Hotell AS, var det fyrste Bryggerihotellet i Nord-Europa. Hotellet er ein del av eit konsern med fleire søsterbedrifter som vi spelar på lag med, slik som Ægir Bryggeri og aktivitetsselskapet Flåm Guideservice. Vi er lokalisert i Flåm, Aurland Kommune - ein liten stad med ein fantastisk natur - rekna for å vera den 4. mest besøkte turistplassen i Norge.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
A-Feltet 20-25,
5742 Flåm
Bransje
Hotell og overnatting
Stillingsfunksjon
Hotell og overnatting / Service/servering

Nøkkelord

Fagbrev, kokk, menyplanlegging, økonomi, drift

Rapportér annonse

FINN-kode
139464508
Sist endret
16. mar 2019 17:00

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arnhild Mjelde
Stillingstittel
Kjøkkensjef
Telefon
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Aud Melås
Stillingstittel
Administrerande Direktør
Mobil
Vis telefonnummer

A-Feltet 20-25, 5742 Flåm

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
139464508
Sist endret
16. mar 2019 17:00