Utløpt

Sjukehusapoteket i Førde

Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Vestlandets mest spennande sommarjobb innan farmasi søker deg!
Frist
03.03.2019
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
VIL DU HA SOMMARJOBB PÅ SJUKEHUSAPOTEKET I FØRDE?

Helse Førde HF er hovudkunde og apoteket driv og publikumsutsal på Førde Sentralsjukehus. Dei om lag 20 tilsette i Førde er i fordelt på fire avdelingar: publikumsekspedisjon, sjukehusekspedisjon, produksjon og farmasøytisk rådgjevingstenester. Hos oss vil du få ein unik moglegheit til arbeide med legemiddel i eit spennande farmasimiljø.

Vi treng sommarvikarar frå juli til august 2019. I søknaden er det difor viktig at du informerer om perioden du kan arbeide.

Arbeidsoppgåver

  • Vi treng vikarar i sjukehusekspedisjonen og publikumsavdelinga
  • Arbeidsoppgåvene er innan vareflyt, kundeservice og sal
  • Andre oppgåver kan og tilkomme i høve til kvalifikasjonar

Kvalifikasjonar

  • Vi oppmodar særlig farmasistudentar, elevar på apotekteknikarlinja eller studentar innan anna helsefag om å søke
  • Du har god IKT kompetane og beherskar norsk munnleg og skriftleg
  • Har du ekspedisjonsrett kan det vera ein fordel

Eigenskapar

  • Du er positiv, serviceinnstilt og ansvarsbevisst
  • Du samarbeidar godt med andre, er nøyaktig og taklar høgt arbeidstempo
  • Det vil bli lagt vekt på å vera personleg egna til stillinga

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Sommarjobb i eit kompetent og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
  • Løn ihht avtale
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer

Om arbeidsgiveren


Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.


Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Svanehaugveien 2, 6812 Førde
Bransje
Farmasi og legemiddel,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Helsepersonell / Farmasøyt

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ina Ottesen
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
41 28 34 97
Kontaktperson
Charlotte Grane
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
90 09 43 47
Følg firma
192 følger dette firmaet

Svanehaugveien 2, 6812 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 139387650
Sist endret 1. feb. 2019 13:11

Rapporter annonse