Utløpt

Rådgjevar

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
24.02.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY


Rådgjevar 

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), Senter for alders- og sjukeheimsmedisin, er det ledig ei 100 % fast stilling som rådgjevar.

Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS) er ein del av Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Senteret er leia av professor Bettina Husebø. SEFAS har hovudfokus på forsking, undervising og implementering - basert på nasjonalt og internasjonalt samarbeid. SEFAS er del av Fagområde for eldremedisin, samfunnsfarmasi og tverrprofesjonell praksis (FEST). SEFAS har for tida 16 medarbeidarar. Lenke: https://www.uib.no/sefas


Arbeidsoppgåver:

Til stillinga ligg eit ansvar for den administrative oppfølginga av forskingsverksemda til sentreret, herunder rådgjevnad, informasjon og søknadshjelp for forskarstaben, samt kvalitetssikring av forskingsrapportering. Ansvar for kommunikasjon og forskingsformidling er også lagt til stillinga, og vil vere ein viktig del av arbeidet. Administrasjonssjefen ved instituttet er næraste leiar, mens ein vil jobba tett med senterleiaren som vil vera arbeidsleiar.

  • Høgt kvalifisert utgreiings- og utviklingsoppgåver og fagadministrativt rettleiing
  • Informasjon og søknadshjelp til forskarar som skal søkje om eksternfinansiering og kvalitetssikre og utvikle rutinar for søknadsarbeidet
  • Kommunikasjon og formidling av SEFAS si forsking
  • Utgreiings-/utviklingsoppgåver som krev spesialkompetanse innafor mellom anna forskingsadministrasjon
  • Kontakt og samhandling med internasjonalt nettverk
  • Bindeledd mellom SEFAS, IGS, Det medisinske fakultet og UiB
  • Vere med på å utvikle senteret og bistå senterleder i strategiutvikling
  • Møte-, seminar- og konferansestøtte for aktiviteten ved senteret
  • Andre administrative oppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha mastergrad. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning i særskilte høve kompensere for utdanningskravet
  • Omfattande relevant administrativ praksis og spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa stillinga sine funksjonar er eit krav
  • Stillinga krev stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
  • Søkjar må ha god kunnskap i norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibilitet og serviceinnstilling
  • Erfaring frå informasjonsarbeid/journalistikk vil vere ei føremon
  • Kjennskap til og erfaring frå universitets- og høgskulesektoren, samt kjennskap til nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar og eksterne nasjonale og internasjonale finansieringskjelder vil bli vektlagt

Vi kan tilby:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58-62 (for tida kr 505 800 - 544 400) For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Bettina Husebø, Bettina.Husebo@uib.no, +47 55 58 67 35, eller administrasjonssjef Siri Smith, siri.smith@uib.no, 55586342

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Kalfarveien 31, 5009 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Saksbehandler
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Kalfarveien 31, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 139362868
Sist endret 1. feb. 2019 00:00

Rapporter annonse