Frydenbø Bilsenter Sandane søkjer dyktig bilopprettar
- Arbeidsgiver
- Frydenbø Bilsenter AS
- Stillingstittel
- Bilopprettar
- Frist
- 28.02.2019
- Ansettelsesform
- Fast
Til vår bilverkstad på Sandane søkjer vi etter ein dyktig bilopprettar med følgjande kvalifikasjonar
- Fagbrev bilopprettar
- Kvalitetsbevisst
- Høg arbeidskapasitet
- Må ha god ordenssans, være serviceinnstilt og engasjert
- Være omgjengelig og samarbeidsvilleg
- Må kunne snakke og skrive norsk
Kven er du?
Ein fagleg dyktig biloppretter, som set kunden først, og di stoltheit i din leveranse. Du arbeider godt sjølvstendig, men veit at du lukkast best saman med ditt team. Du har stor interesse for bilar generelt. Ein resultatorientert kultur er noko du trivast i, og du kjenner deg igjen i våre verdiar - entusiastisk, ærleg og ansvarleg. Effektivitet, punktligheit og nøyaktigheit er for deg sjølvsagt.
Vi tilbyr:
- Interessant og allsidig jobb
- Gode utviklingsmuligheiter
- Trivelig arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig løn og bonusordning
- Pensjons-, gruppeliv- og ulykkesforsikring
Kandidater blir vurdert fortløpande, og søkjar kan bli tilsett før fristens utløp.
Om arbeidsgiveren
Frydenbø Group er eit familieeigd konsern, grunnlagt i 1916. Frydenbø Group består av fire divisjonar; Bil, Marine, Industri og Eiendom. Gruppa sysselset ca 500 tilsette med avdelinga frå Øksfjord i nord til Mandal i sør, og Hanøytangen i Vest til Sætre i Øst. Hovedkontoret ligg på Damsgård i Bergen. Konsernet omsette samla for kr 2,5 mrd i 2017.
Frydenbø er ein av Norges største Volvo-forhandlarar med 8 avdelingar og 1 showroom fordelt på Vest-Agder, Hordaland og Sogn og Fjordane. Alle våre avdelingar er også autoriserte merkeverksted for Volvo. Ved vårt bilsenter på Sandane, forhandlar vi Nissan personbilar og varebilar i tillegg til Volvo. Frydenbø Bilsenter Sandane er også autorisert merkeverkstad for Nissan.
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Jo Inge Solberg
- Stillingstittel
- Dagleg leiar
- Telefon
- 95 06 85 41
ÅSAVEGEN 159, 6823 Sandane