Utløpt

Lærar vikariat Vaksenopplæringa

Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Stillingstittel
Lærar
Frist
20.02.2019
Ansettelsesform
Vikariat


Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Vaksenopplæringa (VO) har 6 tilsette med norskundervisning og spesialundervisning til vaksne. Skulen har deltakarar frå mange ulike land. VO samarbeider med Nav og flyktningetenesta om deltakarar som er i eit introduksjonsprogram. Vaksenopplæringa er plassert midt på Storebø, i nærleiken av Storebø skule. VO har også eit lokale ved Austevoll ASV. Skulen har norskkurs både på dagtid og kveld. VO er oppteken av god kompetanse, brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid. Eininga har eit godt arbeidsmiljø.

 

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • Norskundervisning
  • Undervisning og opplæring av menneske med spesielle opplæringsbehov.


Kvalifikasjonar:
Lærarutdanning
Sertifikat


Praksis:

Norskundervisning av minoritetsspråklege.
Undervisning og opplæring av menneske med spesielle opplæringsbehov.


Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som:

  • har gode evner til samarbeid
  • evne til å skapa gode relasjonar til deltakarar
  • er positiv og blid
  • har god motivasjonsevne


Vi tilbyr:

  • Godt og positivt arbeidsmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Stillinga er ledig frå 01.04.2019 - 20.12.2019


Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2 ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
 

 



 

Om arbeidsgiveren

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune i Midthordland. Austevoll er landets største fiskerikommune, har svært høg næringsaktivitet, verdiskaping og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar. Nærleiken til Bergen gjer at rundt 700 bergensarar og andre naboar dagleg jobbpendlar til Austevoll. Vi har eit rikt kulturliv og kommunen har i dag omlag 240 fast tilsette som opptekne av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Austevoll kommune byggjer på verdiane truverd, respekt, openheit, mot og profesjonalitet.

Sektor
Offentlig
Sted
Prestanesvegen, 5392 Storebø
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Julie Solbakken
Stillingstittel
Leiar
Telefon
55 08 12 92
Følg firma
76 følger dette firmaet

Prestanesvegen, 5392 Storebø

Annonseinformasjon

FINN-kode 138816035
Sist endret 25. jan. 2019 09:23

Rapporter annonse