Me treng ein ny journalist

Arbeidsgiver
Bømlo-nytt
Stillingstittel
Journalist
Frist
Snarest
Varighet
Fast

Å jobba i lokalavisa Bømlo-nytt er ikkje noko latmannsliv. Du må vera effektiv, rask, 

sjølvstendig, målretta, kunnskapsrik, engasjert og kreativ.


- Du må ha teft for nyhende og gode historier fortalt på ein spennande måte.  

- Du må lika å fotografera, og lika å snakka med folk, store og små, unge og eldre.

- Du kan gjerne ha journalistutdanning, og bør ha erfaring frå eit mediehus, 

både på papir og digitalt. 

- Du må føra eit sikkert skriftleg språk på nynorsk, og du må ha klare mål og 

ambisjonar om å vera med på å utvikla det totale avisproduktet Bømlo-nytt vidare, 

særleg når det gjeld sosiale medium som facebook, instagram, snap osb.

- Du må gjerne ha god kjennskap til og kunnskap om å formidla nyhende via lyd 

(podcast) og levande bilete.  

- Kjennskap til lokalmiljøet på Bømlo er ein stor fordel, men ikkje noko krav så lenge 

du raskt kan setja deg inn i lokale tilhøve.

Bømlo-nytt kan tilby ein spennande og utfordrande jobb for den rette personen, 

i eit travelt og triveleg arbeidsmiljø og i ein kommune i rivande utvikling.  

Du blir ein del av vaktordninga i redaksjonen og må difor rekna med både kvelds- og helgejobbing.
Du må disponera eigen bil. 


Om arbeidsgiveren

Lokalavis for Bømlo kommune

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Svortlandsvegen 14,
5430 Bremnes
Bransje
Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon
Journalist

Rapportér annonse

FINN-kode
138795802
Sist endret
24. jan 2019 11:47

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Randi Olsen
Stillingstittel
Redaktør
Mobil
Vis telefonnummer
Kontaktperson
Nils-Tore Sele
Stillingstittel
Journalist/Klubbleiar
Mobil
Vis telefonnummer

Søk på stillingen

Frist
Snarest

Svortlandsvegen 14, 5430 Bremnes

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
138795802
Sist endret
24. jan 2019 11:47