Utløpt

Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?

Arbeidsgiver
Kriminalomsorgen region sørvest
Stillingstittel
Verksbetjent - malar
Frist
27.01.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kriminalomsorgen
Om stillinga

Åna fengsel søker verksbetjent med fagfelt malar til fast, full stilling.

Ein verksbetjent skal ha evne til å leie opplæring, sysselsetjing og oppfølging av innsette og ta sjølvstendige avgjerder innanfor eige arbeidsområde. Verksbetjent skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konfliktløysing og i tillegg vere ein samtalepartnar og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta fagleg kvalifiseringsarbeid med innsette.


Arbeidsoppgåver
  • leie opplæring, sysselsetjing og oppfølging av innsette
  • arbeidsleiar for ei gruppe innsette som saman med dei tilsette skal bidra til å nå produksjonsmåla for avdelinga
  • veksling mellom vedlikehald og produksjon.

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha

  • relevant fagbrev og relevant erfaring
  • relevant erfaring kan erstatte krav om fagbrev
  • førarkort klasse B
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy

Den som blir tilsett, må vere villig til å gjennomføre kriminalomsorga si utdanning som verksbetjent.


Personlege eigenskapar
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til tryggleikstenking
  • evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med arbeidskvardagen til dei innsette
  • evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
  • du må vere tolmodig, ansvarsfull og fleksibel og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
  • lojalitet og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr
  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • stillinga blir lønt som verksbetjent fra kr 366 800- 456 900 pr. år, avhengig av kvalifikasjoner, det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse

Generell informasjon

Tilsette sine haldningar og verdiar skal vere i tråd med kriminalomsorga sitt verdisyn. Våre verdiar er: Openheit, respekt, profesjonalitet og engasjement.

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar med ulik, arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss. Kriminalomsorga er ei IA-verksemd, og vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det.

Prøvetida er 6 månader.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet. Det går for tida føre seg ein utgreiingsprosess i kriminalomsorga som kan medføre ei organisasjonsendring.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Leif Einar Øverland tlf 51799050 eller til verksmeister Skjalg Undheim tlf 51799032.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Om arbeidsgiveren

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Region sørvest omfattar fengsel og friomsorgskontor i Rogaland og Agder, med rundt 600 tilsette. Regionadministrasjonen ligg i Sandnes.

Åna fengsel har rundt 180 tilsette, med til saman 179 plassar for mannlege innsette, fordelt på 155 plassar med høgt tryggleiksnivå og 24 plassar med lågare tryggleiksnivå.

Sektor
Offentlig
Sted
Åna, 4365 Nærbø
Bransje
Helse og omsorg,
Politi og sikkerhet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Håndverker / Maler/Tapeserer
Følg firma
1278 følger dette firmaet

Åna, 4365 Nærbø

Annonseinformasjon

FINN-kode 138392517
Sist endret 19. jan. 2019 00:00

Rapporter annonse