Utløpt

Tuddal Montessoriskule søker etter fagleg engasjerte lærarar

Arbeidsgiver
Stiftinga Tuddal Montessoriskule
Stillingstittel
Lærar
Frist
01.02.2019
Ansettelsesform
Fast

 Er du ein person som har lyst til å vere med på å forme ein ny skule? 

 
Tuddal Montessoriskule er under etablering, og har oppstart hausten 2019. Skulen er godkjent for 40 elevar frå 1.-7. trinn.

 
I Tuddal har det vore skule sidan 1883, og Tuddal Montessoriskule etablerast fordi foreldra i bygda ynskjer vidare skuledrift også etter at den kommunale skulen leggast ned.

 
Tuddal Montessoriskule har tilsett rektor med montessoriutdanning og undervisningserfaring frå montessoriskule. Den nytilsette rektoren har dessutan erfaring  med oppstart av tilsvarande skule.

Søkarane må oppfylle krav for tilsetting og undervisning i grunnskulen, jf. Forskrift til Opplæringslova §§14-1 og 14-2, og gjerne ha vidareutdanning i montessoripedagogikk.  Kandidatar med annan relevant utdanning kan også bli vurdert.  

Vi oppfordrar spesielt lærarar med utdanning i spesialpedagogikk til å søke.

Arbeidsoppgåver

•      Organisere og gjennomføre opplæring etter montessoripedagogikk og gjeldande styringsdokument. 

•      Inspirere og motivere born til utforsking og læring.

•      Kontinuerleg følge opp eleven si individuelle utvikling.

•      Skrive individuelle opplæringsplanar og årsrapportar. 

•      Etablere eit godt samarbeid mellom heim og skule.

•      Medverke til å skape eit godt miljø for elevar og vaksne i skulen.

 

Kvalifikasjonar

•      Relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå.

•      Godkjent vidareutdanning innan montessoripedagogikk.

•      Motivert for vidareutdanning og særleg utdanning i montessoripedagogikk.

 

Eigenskapar

•      Genuint opptatt av og medviten om at barn er unike. 

•      Evne til å skape eit godt og trygt læringsmiljø der alle kjenner seg inkluderte og likeverdige.

•      Må kunne samarbeide godt både med elevar, foreldre, kollegaer og skuleleiinga.

•      Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.

•      Strukturert og sjølvgåande.

•      Nyskapande og utviklingsorientert.

•      Fleksibel og løysingsorientert.

•      Ein trygg, tydeleg og inkluderande vaksenperson i skulekvardagen.

 

Kva skulen tilbyr

•      Ein unik sjanse til å vere med på å forme ein nyoppretta skule.

•      Eit styre som både er aktivt og medverkande.

•      Ein skule der fagleg utvikling blir prioritert og høgt verdsett.

•      Løn og pensjon etter kvalifikasjonar og avtale.

•      Hjelp til å finne ein stad å bu i Tuddal.

 

Gyldig politiattest etter Opplæringsloven §10-9 må leggjast fram før tilsetting. 

Send søknad og CV med dokumentasjon på kompetanse til: post@tuddalmontessori.no


Personvern

Din personlege informasjon er beskytta av Personopplysningsloven og Tuddal Montessoriskule er forplikta til å behandle denne informasjonen på sin sikker måte.

 

Når tilsettingsprosessen er over vert personopplysningane til dei søkarane som ikkje vert tilsett sletta.

 

Velkommen til oss!


Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Antall stillinger
3
Sted
Gaustavegen 10, 3697 Tuddal
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog,
Undervisning og pedagogikk / Skoleassistent

Nøkkelord

Montessori, pedagog, lærar, lærer, undervisning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sondre Bondal
Stillingstittel
styreleiar
Mobil
Vis telefonnummer

Gaustavegen 10, 3697 Tuddal

Annonseinformasjon

FINN-kode 138169228
Sist endret 26. feb. 2019 22:08

Rapporter annonse