Utløpt

Helsesjukepleiar 40 % vikariat

Arbeidsgiver
Bykle kommune
Stillingstittel
Helsesjukepleiar 40 % vikariat
Frist
23.01.2019
Ansettelsesform
Vikariat
Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Det er Bykle som er
vertskommune. Tenesta består av fylgjande deltenester: fastlege, legevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon,
skulehelseteneste og psykisk helse og rus. Det er fokus på innovasjon og utvikling i tenesta og eit nært
samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta. Det er to helsesjukepleiarstillingar. Denne
stillinga har pt tenestad Hovden/Bykle.

Arbeidsoppgåver

  • Helsestasjons- og skulehelseteneste
  • Førebyggjande arbeid
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Psykisk helsearbeid for barn og unge 0 - 20 år
  • Reisevaksine
  • Smittevern
  • Sakshandsaming innan fagfeltet

Kvalifikasjonar

  • Helsesykepleierutdanning, ved manglande utdanning kan det vere aktuelt med sjukepleiar som held på med utdanninga eller sjukepleiar med liknande erfaring
  • Røynsle frå liknande arbeid er ein fordel
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
  • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Utdanning

  • Høgskule/Universitet, Hovudfag/Mastergrad

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 40%
  • Interessante og spennande utfordringar.
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
  • Den som blir tilsett må disponere eigen bil i teneste. Det er krav om politiattest ved tilsetting. Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det blir trekt 2 % pensjonsinnskot.

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.


Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette

Sektor
Offentlig
Sted
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Karina Sloht Grindland
Stillingstittel
Tenesteleiar
Telefon
48 00 80 06
Kontaktperson
Helene Nilsen
Stillingstittel
personalkonsulent
Telefon
48 89 00 50
Følg firma
47 følger dette firmaet

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 137671982
Sist endret 9. jan. 2019 15:34

Rapporter annonse