Utløpt

Vil du vere med å endre rekneskapsbransjen?

Arbeidsgiver
SpareBank 1 Regnskapshuset SMN AS
Stillingstittel
Senior Kundeansvarleg
Sted
Ulsteinvik
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Teknologien er i ferd med å endre rekneskapsbransjen radikalt. Det krev noko av oss. Med dei beste folka i bransjen og ein solid eigar, har vi viljen – og evna, til å nå nye høgder. Vi tilbyr våre kundar kompetent rådgiving og dei beste og mest framtidsretta løysingane. På grunn av aukande oppdragsmengde søker vi no etter ein erfaren rekneskapsrådgivar.

I dag er vi det største fagmiljøet innan rekneskapsfaget i Midt-Noreg, og vi veks framleis kraftig. Vi jobbar kvar dag for å vere den mest ettertrakta samarbeidspartnaren for kundane våre. Det betyr at den vi ser etter er tett på kunden, forstår næringa og klarer å kommunisere moglegheiter og løysingar til kunden på ein god måte.

Vi søker deg som er engasjert og har erfaring med rekneskapsrådgiving. Vi set pris på at du er nysgjerrig og sjølv sett deg i førarsetet for vidare utvikling, slik at kundane får ei enda betre oppleving.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Rekneskap, rapportering, årsoppgjør og rådgiving for våre kunde på søre Sunnmøre.
  • Forstå kunden si drift, kartlegge moglegheiter og gi råd til kunden for vidare utvikling
  • Utnytte teknologien til å forenkle/automatisere arbeidsoppgåver ytterlegare.

Om deg:

  • Engasjert og har fleire års erfaring med rekneskapsrådgiving
  • Interessert i teknologi, utvikling og dine kundar.
  • Du er den føretrekte sparringspartnaren for kunden.
  • Har evne til å trekke ut kva som er mest relevant informasjon i rekneskapsrapporteringa
  • Ambisiøs, og har eit ynskje om å jobbe i eit selskap med høge mål og gjennomføringskraft

Ver venleg og legg ved CV, attestar og karakterutskrifter i søknaden.

 

Vi er meir enn ein tradisjonell tilbydar av rekneskapstenester. Hjå oss vil du jobbe i eit stort tverrfagleg miljø der rekneskapsførerar, programvareutviklerar, IT-konsulentar og fagspesialistar innan økonomi jobbar mot same mål. Saman er vi Midt-Noregs største miljø innan rekneskap og økonomi.

Hjå oss set vi eigen og andre si utvikling høgt, og har årlege samlingar og kurs for å styrke kompetansen til våre tilsette. Kundane våre er bransjemessig og geografisk spreidd, så oppgåvene dine må ofte løysast med stor variasjon. 

Om arbeidsgiveren

SpareBank 1 Regnskapshuset SMN er Midt-Norges største miljø innenfor regnskap, lønn og rådgivning, og vi fortsetter vår kraftige vekst. Vi jobber hver dag for å være den mest ettertraktede samarbeidspartneren for våre kunder. Det betyr at den vi leter etter ønsker å være tett på kunden og evner å kommunisere muligheter og løsninger på en lettfattelig måte. Hos oss får du et dyktig fagmiljø i ryggen og jobbe med framtidsrettede løsninger. Er du dyktig og motivert, er utviklingsmulighetene i selskapet mange.

Nettverk
Facebook LinkedIn
Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Sjøgata 21,
6065 Ulsteinvik
Bransje
Økonomi og regnskap,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Rådgivning

Nøkkelord

rekneskap, regnskap, rådgivning, teknologi

Rapporter annonse

FINN-kode
136459537
Sist endret
20. des 2018 16:35

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Forsberg
Stillingstittel
HR Partner
Telefon
414 12 067
Kontaktperson
Hege Hamre
Stillingstittel
Regiondirektør Sunnmøre
Telefon
416 28 339
Følg firma
124 følger dette firmaet

Sjøgata 21, 6065 Ulsteinvik

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapporter annonse

FINN-kode
136459537
Sist endret
20. des 2018 16:35