Utløpt

Medarbeidar med brukarerfaring

Arbeidsgiver
Lindås kommune
Stillingstittel
Medarbeidar med brukarerfaring
Frist
14.01.2019
Ansettelsesform
Fast

Vi søkjer medarbeidar med brukarerfaring - 100% fast stilling

8 av 9 kommunar i region Nordhordland og Bjørgvin DPS har gått saman om etablering av Fact-team Nordhordland, eit prosjekt med statlege tilskuddsmidler i inntil 4 år.Tilskuddet skal bidra til omstilling og styrking av eksisterande tenester, og målet er at tiltaket og arbeidsforma skal implementerast i ordinær drift etter prosjektperioden.

Kommunane som deltek i prosjektet er Austrheim,Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Meland, Radøy og Lindås, samla utgjer desse eit folketal på ca 37 000 innbyggjarar. Bjørgvin DPS har ansvar for heile regionen. Lindås kommune er ansvarleg for tiltaket i prosjektperioden.

Flexible Assertive Community Treatment (FACT) er ein behandlingsmodell som skal gje heilskapleg og koordinerte tenester til menneske med alvorleg psykisk liding og samtidig psykisk liding og rusliding. Tiltaket inngår i
kommunane og Helse Bergen sine vedtekne planar om å gje samanhengande tenester for menneske med samansatte behov grunna alvorlege psykisk liding og/eller rusliding.

Fact-modellen krev eit høgt kvalifisert team som arbeider tett og aktivt saman og drar veksler på samla kompetanse. Teamet er tverrfagleg samansatt,har ein teambasert tilnærming og utfører samtidige kommunale ogspesialisthelsetenester. Døme på oppgåver er utgreiing, behandling og støtte, samhandling med døgntenester , arbeid med bustad, aktivitet /arbeid og samarbeid med familie og nettverk. Recovery-perspektivet er særleg vektlagt.

Med basis i ein Fact-modell vil vi i prosjektet etablera eit team som gjev tenester til innbyggjarane der dei er, og arbeid med å finna ei driftsform som tar høyde for fagleg og geografiske utfordringar. Fact-team Nordhordland skal arbeida nært på ekisterande tenester både på spesialist og kommunalt nivå, og vil vera samansett av medarbeidarar som i dag er tilsett i Bjørgvin DPS, i kommunane og nytilsette.

Vil du arbeida saman med oss og vera med på å vidareutvikla tenesta til menneske med psykiske helseproblem og rusmiddelproblem? Har du stort engasjement for fagfeltet og deler raust kunnskap og erfaring med andre? Då ynskjer vi å ha akkurat deg med oss vidare.

Kompetansekrav

Fullført MB programmet/utdanninga

Utdanningsretning helsefag/ andre

Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning

Recoveryerfaring

Erfaring frå arbeid innan kommunesektoren er ynskjeleg

Vi ser etter ein person med følgjande kvalifikasjonar: Har eit avklart forhold til eigen sjukdom, er villig til å bruka av eigen erfaring, erfaring og interesse for arbeid innan fagfeltet, god på kommunikasjon, samarbeid og samhandling, strukturert med evne til å arbeida både sjølvstendig og saman med andre i teamet, målretta og resultatorientert, ansvarsbevisst, fleksibel med evne til å sjå moglegheiter og tenkje løysingar, samt til å prioritere i daglege oppgåver, engasjement for utvikling og omstilling i tenestene 

Ved tilsetjing blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid.

Arbeidsoppgåver

Delta i ambulant tverrfagleg behandlingsteam

Oppsøkjande kontakt med brukarar

Oppfølging etter Fact-modellen

Veiledning/ coaching til brukar for å fremma meistring og formidla håp

Delta i fagleg utviklingsarbeid

For stillingar i teamet

Det kan bli aktuelt å arbeida på ettermiddag/kveld/helg deler av arbeidstida.

Sertifikat kl. B. Ved tilsetjing må ein levere politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.

Beherska norsk skrifteleg og munteleg.

Ved tilsetjing vil ein bli tilsett i Lindås kommune, avdeling psykisk helse og rus

Vi tilbyr

Medverknad i utvikling av tenestene innan området psykisk helse og rus

Teamarbeid i eit fagleg engasjerande, utfordrande og godt arbeidsmiljø

Veiledning

Tilsetjing i hht. gjeldande avtaleverk

Kontaktperson Bjørgvin DPS poloklinikkleiar Bjarte Skrede tlf. 55 95 70 00

For meir informasjon logg deg inn på www.lindås.kommune.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om arbeidsgiveren

Lindås kommune har 15.000 innbyggjarar og er nabokommune til Bergen. Ein vekstkommune med godt utbygde tenester og eit variert næringsliv. Knarvik er kommunesenter og regionssenter for Nordhordland. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vår visjon er å vere ein kommune der draumar blir røyndom, derfor ønskjer vi å vere kvalitetsbevisste, framtidsretta, inkluderande og tenestevillige.

Nettverk
LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Grethe Korsøen
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
47 46 09 82
Kontaktperson
Reidun Sæbdal
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
91 37 75 14
Følg firma
66 følger dette firmaet

Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 136389102
Sist endret 16. jan. 2019 00:16

Rapporter annonse