Utløpt

Elektriker Tilsynslag Vest

Arbeidsgiver
Kystverket
Stillingstittel
Elektriker Tilsynslag Vest
Frist
12.01.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kystverket

Allsidig fagarbeider med elektrikerfagbrev og båtførerkunnskap  på Tilsynslag Vest -  Kystverket Rederi 

Arbeidsoppgåver

Kystverket søkjer etter elektriker med fagbrev  til allsidige og sjølvstendige oppdrag innan vedlikehald, drift, nybygg og tilsyn på navigasjonsinnstallasjonar. Vi søkjer ein elektriker med allsidig elektrobakgrunn som også har som har erfaring og innsikt innan andre  handverksfag.
Arbeidsområdet til tilsynslaget i  Vest strekk seg frå Egersund  i sør til Stadt i nord.  Tilsynslaget er til vanleg 2-3 fagarbeidarar samansett innan ulike fagfelt og saman utfører dei allsidige oppdrag innan vedlikehald og drift. Hovudoppmøtestad for arbeidslaget er Haugesund og i periodar direkte på oppdragsstad. Tilsynslaga har base på land og tek seg fram i arbeidsbåt eller bil. Ein må pårekne å vere heimanfrå heile arbeidsperioden.Tilsynslag har arbeidstidstidsordning etter eigen særavtale, med om lag 28 veker arbeid/kurs i året.  Det er sett opp årleg plan på arbeids- og friperioder.

Arbeidsoppgåvene består av:
Sjølvstendig arbeid som elektriker og fagarbeider på navigasjonsinnstallasjoner.

Allsidige oppgåver som ein del av tilsynslaget sitt arbeidslag, også det som ikkje er elektrorelatert.

Alle på laget må kunne ta del i båtkøyring, navigering

Løpande drift og vedlikehald av arbeidsbåt og utstyr

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga. 

Kvalifikasjonar

Fagbrev som elektriker (tilsvarande Gr.  L).

Erfaring og/eller utdanning frå andre handverksfag enn elektro er ynskjeleg og vert prioritert (t.d. maskin/motor, snekkar).

Heile arbeidslaget må i tillegg vere gode båtførarar og kunne navigere  i mørket. Det er ynskjeleg at søkjar har sertifikat som fritidsbåtskipper D5L eller høgare, samt ROC- og sikkerhetskurs. 

Beherske bruk av IT-verktøy og dokumentasjon av eige arbeid.

Det krevjast god fysikk og helse. Må kunne arbeide og klatre sikkert i høgda.
Søkjar må tilfredsstille krav for helsesattest for sjøfolk.

Eigenskapar

Allsidig og sjølvstendig fagarbeider

Løysingsorientert og samarbeidsvilleg

Gode haldningar til faglege standardar, HMS og etiske retningslinjer.

Sosial og omgjengeleg, positiv bidragsyter i arbeidsmiljøet

Framtidsretta, engasjert og påliteleg

Vi tilbyr

Elektriker  er i dag plassert i stillingskode 1203, fagarbeidar. Grunnløn ltr. 46-50, årslønn  kr 415 100 - kr. 442 400.
Kystverket har særavtale for tilsynslaga som regulerar arbeidstid og kostgodtgjersle. Arbeidstidsordning med arbeidsperiodar og friperiodar.

Kostgodtgjersle vert utbetalt pr arbeidsdag med kr. 380,- .

Tillegg etter Hovedtariffavtalen utgjer ca kr 14.000,- pr. år.

Refusjon av reisekostnader til/frå oppmøtestad ved arbeidsperioder.

Medlemskap i Statens pensjonsordning vert trekt med 2% av bruttolønn.

Særaldersgrense på 65 år.

Ein må pårekne å delta på fagleg oppdatering og relevante kurs innan tilsynslaget sitt fagfelt.

Kystverket er IA-bedrift og er tilknytt bedriftshelseteneste.

På bakgrunn av personalpolitiske mål om at arbeidsstyrken skal spegle den generelle samansettinga av
befolkninga, vert alle kvalifiserte oppfordra til å søkje.

Om arbeidsgiveren



Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting og samferdsel til sjøs. Etaten har ansvar for fiskerihamner, farleier, navigasjonsinnretningar, lostenesta og trafikkontroll. Verksemda dekkjer også maritim sektor av nasjonal transportplan i tillegg til myndigheits- og forvaltingsoppgåver i samband med lover og regelverk for hamner, farleier og losplikta. Kystverket har òg ansvaret for staten sin beredskap mot akutt forureining.

Kystverket Rederi er Kystverket sin utførar av entreprenørtenester på fyr og merke langs norskekysten. Reiarlaget er ei eiga resultateining i Kystverket med administrasjonsstad Ålesund. Operative tenester inneber utføring av tilsyn-, drift-, nybygging og vedlikehaldsoppgåver på navigasjonsinnstallasjonar. Vi disponerer for tida ni fartøy med tilhøyrande utstyr for anlegg- og vedlikehaldsoppdrag, samt tilsynslag i alle fem regionar. Kystverket Rederi har som målsetting å fornye/modernisere heile eller delar av fartøysflåten fortløpande. I Kystverket Rederi arbeider det om lag 200 personar fordelt på 20 i fagadministrasjon/prosjektleiing og resten i operativ teneste.  

Sektor
Offentlig
Sted
5500 Haugesund
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Elektronikk,
Håndverkstjenester,
Maritim og offshore,
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Håndverker,
Håndverker / Elektriker,
Mekanikk og installasjon

Nøkkelord

Elektriker,, båtfører,, navigasjon,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Sundgot Johannsen
Stillingstittel
Rådgjevar mannskapsavdelinga
Kontaktperson
Torbjørn Selsås
Stillingstittel
prosjektleiar Vest
Følg firma
1223 følger dette firmaet

5500 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 136147543
Sist endret 15. des. 2018 11:58

Rapporter annonse