Utløpt

Pedagogisk psykologisk rådgjevar

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
04.01.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune
Me søkjer:

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) i Time har ledig ei 100 % stilling som pedagogisk psykologisk rådgjevar frå og med 01.02.2019 til og med 31.01.2021. Stillinga er oppretta for å styrkje tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid.

Om arbeidsplassen:

Time PPT gjev i hovudsak tenester til barn under opplæringspliktig alder og grunnskulebarn. I tillegg vert det gitt tenester til vaksne med særskilde opplæringsbehov. Me legg vekt på eit godt samarbeid med andre instansar som arbeider med dei same målgruppene. Eininga har pr. i dag 8,9 årsverk.

Time PPT kan tilby utfordrande, varierte og spennande arbeidsoppgåver med stor moglegheit til å bruke din kompetanse. Kontoret har faglegengasjerte medarbeidarar som samla utgjer eit godt og støttande fagmiljø. Dei tilsette praktiserer ein fagleg delekultur, og dette bidreg til trivsel ogfagleg utvikling.
Du vil bli ein del av ein arbeidsplassmed trivsel, godt humør og stort spenn i alder, erfaring og fagleg bakgrunn.

Om arbeidsoppgåvene:

Stillinga skal dekkje fleire av dei sentrale oppgåvene i PPT:

- Kartlegging og sakkunnighetsarbeid, i tillegg til rådgjeving og rettleiing.

- Fleire oppgåver krev eit nært samarbeid med andre tenester både i eigen og andre kommunar.

- Stillinga inneber at ein blir PPT sin kontaktperson ut mot nokre bestemte skular eller barnehagar.

Kvalifikasjonar:

- Vi ynskjer ein søkjar med hovudfag eller master innan fagområda psykologi, spesialpedagogikk eller pedagogikk.

- Søkjarar med anna kompetanse innafor dei same fagområda, kan og bli vurdert for tilsetting.

Andre sentrale kvalifikasjoner som vektleggjast er:

- Erfaring frå PPT, skule eller barnehage.

- Test- og utgreiingskompetanse.

- Rådgjevings- og rettleiingskompetanse.

Me tilbyr
Me tilbyr ein arbeidsplass der det ligg til rette for fagleg utvikling og stor grad av sjølvstende og fleksibilitet i arbeidet.
Det vert gitt fagleg rettleiing etter behov. Tilsette i Time kommune har god pensjonsordning gjennom KLP. Løn og
arbeidsvilkår etter gjeldande kommunale bestemmelser.

Andre krav:

Den som vert tilsett må kunne disponere eigen bil i tenesta. Kjøregodtgjersle etter staten sitt regulativ. Ein må leggja fram gyldig politiattest før ein kan tiltre stillinga.

Elektronisk søknadsprosess:

Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du
ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt
offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder,
kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Om arbeidsgiveren

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, tilsette, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 800 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Sektor
Offentlig
Sted
Maulandsveg 2, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Nøkkelord

Rådgjevar, Pedagogisk, psykologisk, Barn, Utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marit Sandsmark Stabel
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
51 77 60 78
90 36 15 72
Følg firma
605 følger dette firmaet

Maulandsveg 2, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 136097798
Sist endret 6. jan. 2019 00:15

Rapporter annonse