Utløpt

Ledig fast stilling som overlege ved Øyane DPS

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Divisjon psykisk helsevern / Øyane distriktspsykiatriske senter /
Stillingstittel
Overlege, spesialist i psykiatri
Frist
06.01.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Ved Øyane DPS allmenn er det ledig 100% stilling som psykiater. Oppstart etter avtale. Søkjare som ynskjer å arbeide deltid kan også søkje.

Øyane DPS er eit av tre DPS knytta til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken flytta inn i nye og moderne lokale i 2011. Vi er lokalisert i bynære omgjevnadar om lag 15-20 minuttars køyring frå Bergen sentrum. Det er høve for parkering.

Øyane DPS har sektoransvar for fire bynære kommunar med om lag 50 000 innbyggjarar over 18 år. Det er god kontakt med fyrstelinja og kommunene er i rask vekst. Klinikken består av ein allmennpsykiatrisk poliklinikk med ambulant akutteam, (AAT), to allmennpsykiatrisk behandlingsteam og eit dagbehandlingsteam.

Klinikken har allmennpsykiatrisk døgnseksjon beståande av 12 senger med mottak av pasientar direkte frå fastlege, AAT, somatiske avdelingar og Sandviken Sjukehus. Liggetid er mellom 10 og 15 dager.
Poliklinikk og døgseksjon på allmenn er godkjent som tenestestad for LIS 1 og LIS 3.

Klinikken har også psykose døgnseksjon med 8 senger og psykose/ rehabiliteringspoliklinikk godkjent for LIS.

Allmennpsykiatrisk poliklinikk har etablert eige team for MBT. Behandling gis både individuelt og i gruppe. MBT tilbudet består av en psykoedukativ- og en prosessgruppe. Veiledning ved Sigmund Karterud. Poliklinikken tilbyr også andre former for gruppeterapi, mellom anna stabiliserende grupper for traumatiserte pasienter, DBT-basert behandling for pasientar med ADHD og angstmestringsgrupper. Det er også IPS, jobbspesialister, som arbeider aktivt i teama og seksjonane.
Klinikken har ansatt musikkterapeut som er aktiv i dagbehandlinga.
Allmenn døgnavdelinga har i tillegg til fokus på helse og fysisk aktivitet også tilbod om biletterapi.

Øyane DPS ynskjer å være førande i å prioritere fagutvikling gjennom kurs, konferansar og høve til fordjuping og vidareutdanning. Vi legg stor vekt på overlegen sine eigne ynskjer og mulige rammer. Vi anser det som viktig å være både lydhør og fleksibel. Forskning knytta til stillinga kan bli tilrettelagd.

Legegruppa møtast ein time kvar veke til faglunsj. Arbeidsmiljøet i legegruppa og i seksjonane er gode og det er kort veg til både linjeleiar og klinikkdirektør.
Legegruppa ved Øyane DPS består klinikkoverlege, 5 overlegar, 3 LIS 3 og LIS 1.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, fastsetjing av diagnose og behandling av tilviste pasientar
  • Undervising og rettleiing av utdanningskandidatar
  • Medisinsk- og spesialistfagleg ansvar
  • Arbeid i tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Utdanning

  • Medisin
  • Profesjonsstudium
  • Psykiater

Eigenskapar

  • Du er motivert, fleksibel, initiativrik, interessert og har respekt og engasjement for dine pasientar
  • Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert og taklar situasjonar med tryggleik, ro og fagleg haldning
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Eit spennande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar
  • Gode høve til personleg og fagleg utvikling
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • På sikt høve for deltaking i vaktordning

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Blombakkane 75, 5353 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Psykiater

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ellen Haukenes Tvedt
Stillingstittel
Klinikkoverlege
Telefon
56 32 66 00
Kontaktperson
Liv Åse Dybdal
Stillingstittel
Klinikkdirektør
Telefon
56 32 66 00
Følg firma
2234 følger dette firmaet

Blombakkane 75, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 136090563
Sist endret 14. des. 2018 10:25

Rapporter annonse