Utløpt

Nettredaktør Altinn

Arbeidsgiver
Brønnøysundregistrene
Stillingstittel
Nettredaktør Altinn
Frist
21.01.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Brønnøysundregistrene
Bli med på å skape eit enda enklare og meir brukarvennleg Altinn.

Altinn lanserte hausten 2017 nytt design på altinn.no. Tilbakemeldingane har vore gode og det nye designet av altinn.no vann nyleg IXDA prisen 2018 for framifrå interaksjonsdesign der brukaroppleving står i fokus. Vi søker ein engasjert nettredaktør med stor interesse for digitale medium for ein av dei viktigaste og mest besøkte offentlege nettstadene.

Du blir ein del av eit stort team med lidenskap for god brukaroppleving, som er med på å skape nyttige digitale samfunnsløysingar. Du vil få redaktøransvaret både for www.altinn.no og for informasjonsportalen for Altinn sine tenesteeigarar - www.altinndigital.no. Du får ei viktig rolle i vidareutviklinga av Altinn og får vere med å bestemme korleis vi forbetrar eksisterande løysingar og designar nye løysingar.

Arbeidsoppgåver

  • leie arbeidet med utforming/revisjon av innhaldsstrategi for altinn.no og altinndigital.no
  • sørge for at altinn.no og altinndigital.no er i tråd med gjeldande innhaldsstrategi
  • løpande prioritering og utforming av innhald til altinn.no og altinndigital.no
  • delta i vidareutvikling av Altinn slik at løysinga møter behova til brukarane
  • implementere og kontinuerleg revidere rutinar for innhaldsarbeid for altinn.no og altinndigital.no
  • vere oppdatert på trendar for nettstadsutvikling - og vurdere desse for Altinn
  • organisere samarbeid med innhaldseigarar (tenesteeigarar) på formålstenleg vis
  • løpande koordinering med redaksjonar for Starte og drive bedrift og brukerstøtte

Kvalifikasjonar

  • 3-5 års utdanning frå universitet eller høgskule innan mediefag/kommunikasjon eller tilsvarande
  • Relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet.

    Vi vektlegg at du har:

  • erfaring frå nettutvikling og prosjektleiing, gjerne frå større offentlege nettstader
  • god kunnskap om EPiServer publiseringsverktøy og digitale medium
  • erfaring som nettredaktør
  • kompetanse og erfaring med søkemotoroptimalisering
  • kompetanse og erfaring med webanalyse
  • kunnskap og erfaring med designprosessar og metodikk for brukarvenlegheit
  • kunnskap og erfaring med retningslinjer for universell utforming
  • du må kunne kommunisere klart og tydeleg på norsk, både munnleg og skriftleg. I tillegg føreset vi at du har gode engelskkunnskapar.

Eigenskapar

  • det er sentralt at du har gode samarbeidsevner og er kreativ og brukarorientert.
  • du bør ha evne til å sette deg inne nye problemstillingar, vere løysingsorientert, strukturert og analytisk.
  • du må like å jobbe saman med andre i eit hektisk miljø med varierte arbeidsoppgåver.
  • du må ha evne til å jobbe sjølvstendig og kan bidra med nytenking/innspel innanfor fagområdet.
  • du må og kunne jobbe i team og kommunisere godt både med eksterne og interne fagressursar.

Vi tilbyr

  • eit arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • gode ordningar for opplæring og vidareutvikling
  • fleksibel arbeidstid
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse som er ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg

    Arbeidsstad er Brønnøysund, men plassering ved kontoret vårt i Oslo kan også vurderast.

    Stillinga er fast og for tida plassert i digitalisering, seksjon plattformutvikling. Stillinga er lønna som rådgivar med årslønn kr. 449 400-607 700 per år eller som seniorrådgivar med årslønn frå kr. 524 200 - 848 800 per år, avhengig av utdanning og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse frå lønna di.

    Ein arbeidsplass med stort mangfald
    Som IA-etat (Inkluderande Arbeidsliv) er vi opptekne av mangfald og ber kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, kulturell eller etnisk bakgrunn.

    For å bli vurdert som søkar må du legge ved CV og vitnemål/attestar ved den elektroniske søknaden.

    Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du forklare dette i søknadsskjema. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista, men du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Om arbeidsgiveren

Brønnøysundregistra har 560 tilsette og sørgjer for orden og oversikt over økonomiske forhold i Noreg. vi legg sterk vekt på digitalisering og forenkling av kontakten mellom styresmakter, næringsliv og befolkninga, noko som legg grunnlag for auka verdiskaping nasjonalt.  Meir om oss på brreg.no og altinn.no


 

Sektor
Offentlig
Sted
Grev Wedelsplass 9, 0151 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon,
PR, informasjon og kommunikasjon
Stillingsfunksjon
Annet,
Design / Web,
Kontor og administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Andreas Gjertin Rafaelsen
Stillingstittel
underdirektør
Telefon
95 82 13 69
Kontaktperson
Reidun Milde
Stillingstittel
seniorrådgiver
Telefon
97 14 81 74
Følg firma
125 følger dette firmaet

Grev Wedelsplass 9, 0151 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 136046985
Sist endret 10. jan. 2019 13:49

Rapporter annonse