Utløpt

Fagansvarleg IT-drift

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Fagansvarleg IT-drift
Frist
01.01.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

 

Os og Fusa kommunar slår seg saman til Bjørnafjorden kommune frå 1. januar 2020. Den nye kommunen vil ha eit folketal på 24.000 og vere i sterk vekst. Bjørnafjorden vil ha om lag 1.900 tilsette fordelt på 80 arbeidsstader, spreidde utover eit stort geografisk område.

Vi har no ei nyoppretta stilling som fagansvarleg for IT-drift.

Arbeidsstad
Stillinga inngår i IT-avdelinga (10-12 personar), som er kommunen sin IT-driftsleverandør. Avdelinga arbeider med systemforvaltning, drift av serverar, klientmiljø, brukarstøtte, databasar og diverse infrastruktur. Avdelinga arbeider tett med heile organisasjonen for å levere gode IT-løysingar til tilsette og innbyggarar.

 

Arbeidsoppgåver
-Overordna fagleg ansvar for IT-drifta i kommunen. Vedlikehald og utvikling av IT-løysingar for innbyggarar og tilsette. 
-Teknisk prosjektleiaransvar i avdelinga.
-Dagleg drift.

Du vil ha det operasjonelle ansvaret og vere ei viktig brikke i digitaliseringsarbeidet i kommunen. Du skal samarbeide tett med fagmiljøet for verksemdsarkitetur i Bergen kommune og i det regionale kommunesamarbeidet på IT-sida. Du vil òg kunne bli beden om å bidra som prosjektleiar/-deltakar i relevante prosjekt.

Vi søkjer deg som forstår og ser samanhengane mellom forretnings-, applikasjons- og teknisk lag. Du evnar å sjå ting frå brukaren sin ståstad og er engasjert i både faget ditt og menneska rundt deg. Du bretter gjerne opp erma for å ta din
del av dei operative arbeidsoppgåvene, når det er nødvendig.

Vi er midt i ein prosess med mange moglegheiter og spennande utfordringar. Er du rett person, vil du kunne bidra sterkt til utvikling av både Bjørnafjorden kommune, regionen vår og Kommune-Noreg.

Stillinga vil rapportere til IT-leiar i kommunen.

 

Kvalifikasjonar
-Relevant IT-utdanning på universitets- eller høgskulenivå. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
-Minimum fem års erfaring frå tilsvarande arbeid.
-God i munnleg og skriftleg norsk. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Vi ser òg gjerne at du har
-Spesialkompetanse innan eitt eller fleire IT-relaterte område, som til dømes Microsoft server-/klient-portefølje, Cisco-produkt, Google, IT-sikkerheit eller kontrakt/innkjøp.
-Erfaring som prosjektleiar.
-Kjennskap til offentleg sektor og forståing for korleis det heile heng saman.
-Kunnskap om rammeverk innan arkitektur og prosjektleiing som Togaf, Prince2, PMP og ITIL.
-Sertifikat klasse B og disponerer bil.

 


Personlege eigenskapar
-Du er løysingsorientert, effektiv og strukturert.
-Du likar å jobbe med både menneske og teknologi, og ser verdien av gode relasjonar og godt arbeidsmiljø.
-Du er tydeleg og seier frå når det er nødvendig.
-Du tar initiativ når du ser nye moglegheiter.

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

 

Vi tilbyr
-Utfordrande, varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
-Fagleg og personleg utvikling i ein spennande vekstkommune med innovasjons- og digitaliseringsfokus.
-Ei unik moglegheit til å vere med å bygge ein heilt ny kommune.
-Eit godt etablert fagmiljø der du får vere med å påverke og utvikle både deg og kommunen.
-Samarbeid med fagmiljøet for verksemds- og løysingsarkitektur i Bergen kommune. Du vil vere bindeledd mellom regionalt fagmiljø for digitalisering og Bjørnafjorden kommune. 
-Lønn etter avtale.
-Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kultur- opplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Sektor
Offentlig
Sted
Torggata 7, 5200 Os
Bransje
IT
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / IT-support

Nøkkelord

IT-drift

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ottar Midtrød
Stillingstittel
IT-leiar
Telefon
95 75 38 30
Følg firma
490 følger dette firmaet

Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 136032995
Sist endret 13. des. 2018 11:27

Rapporter annonse