Utløpt

Driftsteknikar Atlanten videregående skole

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Driftsteknikar
Frist
01.01.2019
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Bygg- og eigedomsavdelinga
Bygg- og eigedomsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen si eigedomsmasse. Eigedomsmassen består i hovudsak av vidaregåande skolar med eit samla bruttoareal på om lag 215.000 m2.

 

Opplysningar om stillinga
I bygg- og eigedomsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune er det ledig ei fast 100 % stilling som driftsteknikar på Atlanten videregåande skole. Stillinga inngår i eit team som i hovudsak har ansvar for Atlanten og Kristiansund vidaregåande skoler. Arbeidssted vil i hovudsak vere Atlanten videregåande skole, men ein må rekne med også å bidra i drifta av dei andre eigedomane i teamet. 

 

Oppgåver og ansvar
Arbeidsoppgåvene omfattar drift og vedlikehald av bygg, tekniske anlegg, uteareal og serviceoppgåver overfor brukarane av bygga. Dette betyr ansvar for oppfølging av internkontroll og periodiske driftsoppgåver, avvikshandtering, reparasjonar, mindre vedlikehald og utskiftingar, oppfølging av serviceavtaler og rapporter frå tilsynsmyndigheter. Det blir brukt FDV-system til planlegging og organisering av arbeida.

Innan kvart team er det ønskelig at driftsteknikarane har eit eller fleire fagområde der dei kan bidra med faglig støtte til resten av teamet. 

 

Utdanning og kvalifikasjonar
Vi ønsker medarbeidarar med:

  • fagbrev i byggdrift, elektro, VVS, bygningsfag, mekaniske fag eller anna relevant fagutdanning (alternativt god, dokumentert realkompetanse innan drift av bygg) 
  • relevant praksis innan drift og vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg
  • brei og god teknisk interesse, kompetanse og forståing
  • god kunnskap om bruk av IKT som arbeidsverktøy
  • erfaring med SD-anlegg og byggautomasjon
  • førarkort klasse B

 

Vi ser etter deg som:

  • liker å ta ansvar og jobbar sjølvstendig
  • er serviceinnstilt og løysningsorientert
  • er positiv, engasjert og samarbeidsvillig
  • er fleksibel og villig til å stå på litt ekstra ved behov
  • kan snakke og skrive godt norsk

 

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
  • Gode muligheiter for faglig utvikling og opplæring 
  • Fleksibel arbeidstid
  • Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • Løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.

Om arbeidsgiveren

Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar.

Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Dalaveien 25, 6511 Kristiansund N
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester,
Håndverkstjenester
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Håndverker

Nøkkelord

vaktmester, driftstekniker, skole, vedlikehold, drift

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Tangvik
Stillingstittel
Eiendomssjef
Telefon
97 42 98 54
71 28 02 33
Kontaktperson
Eirik Sigbjørnsen
Stillingstittel
Teamleiar
Telefon
92 81 81 94
71 28 40 69
Følg firma
311 følger dette firmaet

Dalaveien 25, 6511 Kristiansund N

Annonseinformasjon

FINN-kode 135899419
Sist endret 3. jan. 2019 00:15

Rapporter annonse