Utløpt

Rådgjevar/seniorrådgjevar IT drift  

Arbeidsgiver
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Stillingstittel
rådgjevar/seniorrådgjevar IT drift
Frist
31.12.2018
Ansettelsesform
Fast

Vi har ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar for IT drift i Lotteri- og stiftelsestilsynet.  IT drift  har det faglege ansvaret for drift og vedlikehald av klient, infrastruktur og servermiljø. IT drift består av 2 årsverk + lærling, og er organisert som ein del av administrasjonen i tilsynet.

Vi søkjer ein samhandlande, service- og brukarorientert medarbeider, som også er nytenkjande og innovativ. Dersom du vil vere med å utvikle ein spennande arbeidsplass, kan dette vere jobben for deg.

Vi har infrastruktur frå Rittal, HP, Stonesoft, Cisco, Microsoft og VmWare, og IT sikkerheit er ein viktig del av det faglege ansvaret. Tilsynet har også ei IT utviklingseining  med 5 årsverk, også denne organisert som ein del av administrasjonen. 

Arbeidsoppgåver

  • drift, overvaking og vedlikehald av klientar, IT-infrastruktur og serverdrift
  • applikasjonsutrulling
  • innkjøp og samarbeid med eksterne tenesteleverandørar
  • IT- og informasjonssikkerheit/internkontroll basert på ISO-standard 27001-02
  • vidareutvikling og innovasjon
  • prosjektarbeid
  • brukarstøtte
  • rådgjeving, kartlegging, rapportering

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning på høgare nivå innan IKT (lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning)
  • god og relevant erfaring frå drift av IT miljø
  • kompetanse og erfaring med kvalitetssikring/internkontroll, IT- og informasjonssikkerheit 
  • erfaring med prosjekt og prosjektleiing
  • god teknologisk forståing i eit heilskapleg verksemdsperspektiv
  • erfaring frå omstillingsprosessar med innføring av ny teknologi er ønskeleg
  • erfaring med Azureer er ønskeleg
  • kreative evner med omsyn til å kunne sjå nye løysingar 
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Eigenskapar

  • strategisk, målretta, strukturert og engasjert person med god erfaring frå drift av IT-miljø
  • sjølvstendig, initiativrik, nytenkande og utviklingsorientert
  • samarbeidsorientert - gode samarbeidsevner vert lagt vekt på
  • vi legg vekt på vilje og initiativ til å ta medansvar for så vel fagleg utvikling som for arbeidsmiljøet, men også at du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig

Vi tilbyr

  • tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • Moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine
  • IA-bedrift
  • lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet.

 

Rådgjevar blir løna i stillingskode 1434, og seniorrådgjevar i stillingskode 1364. Frå løna blir det trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har seks månaders prøvetid. Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.

Om arbeidsgiveren

Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ som omfattar to fagtilsyn - Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet.


Stiftelsestilsynet har tilsynsansvar for 6800 norske stiftelsar. Lotteritilsynet har ansvar for kontroll av spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, ansvar for vårt arbeid med marknadskontroll og speleåtferd, i tillegg til ansvar for den nasjonale kampfiksingseininga. Vidare forvaltar Lotteritilsynet den norske lotterimarknaden, har ansvar for ordninga med kompensasjon av meirverdiavgift til det frivillige Norge, og fører tilsynet med grasrotandelen hos Norsk Tipping.



Tilsynet held til i Førde i Sunnfjord, og har i dag totalt 73 tilsette. Meir informasjon om organisasjonen og oppgåvene våre finn du på www.lottstift.no.

Sektor
Offentlig
Sted
Storehagen 1B, 6800 Førde

Nøkkelord

rådgjevar/seniorrådgjevar, IT, drift

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Morten Øen
Stillingstittel
avdelingsdirektør
Telefon
90 20 61 00
Kontaktperson
Åse Kristin Andersbakken
Stillingstittel
seniorrådgjevar
Telefon
99 69 52 99
Følg firma
37 følger dette firmaet

Storehagen 1B, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 135898936
Sist endret 11. des. 2018 09:06

Rapporter annonse