Utløpt

Vil du bli vår nye kollega?

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Arkivmedarbeidar - Dokumentasjonssenter vest
Frist
20.12.2018
Ansettelsesform
Vikariat
Om seksjonen:

Dokumentasjonssenteret vest, informasjons­forvaltings­seksjonen, søkjer ein arkivmedarbeidar som kan starta snarleg. Stillinga er eit vikariat som varer ut november 2019. Arbeidsstad er på Leikanger. 

Informasjonsforvaltningsseksjonen har ansvaret for dokumentasjonssentera i Vegdirektoratet og i Vegvesenet sine fem regionar. Seksjonen har også ansvar for bibliotek, og system- og fagansvar for arkiv og dokumenthandtering i etaten. Seksjonen er landsdekkande med medarbeidarar i alle regionane og i Vegdirektoratet.


Arbeidsoppgaver
  • Mottak, fordeling, skanning og journalføring av fysisk og elektronisk post.
  • Kvalitetskontroll av journalopplysningar og publisering av offentlig journal.
  • Brukarstøtte og rådgiving til saksbehandlarar i bruk av arkiv- og saksbehandlingssystemet Public 360.

Kvalifikasjonskrav
  • Utdanning med arkiv i fagkretsen. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning.
  • God kompetanse innan dokumenthandtering, gjerne med erfaring frå offentleg sektor.
  • God It-kompetanse, gjerne med erfaring frå arkiv- og saksbehandlingssystemet Public 360.

Du må tilfredsstille krava til nødvendig sikkerheitsklarering.

Vi vil legge vekt på at du arbeidar sjølvstendig og nøyaktig, samtidig som du er produktiv. Du samarbeider og kommuniserer godt, og er opptatt av å yte god service. Arbeidsoppgåvene krev at du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.

Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga din i utlandet, anbefaler vi ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).


Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi kan tilby:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning.
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering.
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse.

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.


Kontaktperson:

Kontorsjef Marit Kvalen telefon 57 65 58 58/mobil 950 02 065.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gående, syklende, kjørende og kollektivreisende skal komme trygt fram. Vi planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder riks- og fylkesveger og har tilsyn med kjøretøy og trafikanter. Som fylkeskommunenes og statens vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske beslutninger og

setter dem ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med ca. 7000 engasjerte medarbeidere med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Vi er inne i en periode med flere spennende endringsprosesser, noe som vil påvirke både struktur og oppgavesammensetning.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 6863 Leikanger
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar
Følg firma
395 følger dette firmaet

Askedalen 4, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 135081736
Sist endret 29. nov. 2018 14:44

Rapporter annonse