Utløpt

Internrevisjonssjef

Arbeidsgiver
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
Stillingstittel
Internrevisjonssjef
Frist
25.11.2018
Ansettelsesform
Fast

 

Vi har ledig nyoppretta stilling som internrevisjonssjef. Stillinga vil vere organisatorisk plassert i Juridisk eining og vil rapportere direkte til Direktøren i DSB. Internrevisjonsfunksjonen vil ha ein uavhengig og objektiv stadfestings- og rådgjevingsfunksjon.

Vi søkjer ein dyktig medarbeidar med høgare utdanning og relevant erfaring med revisjonar, utgreiingarog evalueringar. Det vil bli lagt stor vekt på at søkjaren er personleg eigna,grunna særlege krav til å vere uavhengig og objektiv i stillinga.

 

Arbeidsoppgåver

  • planleggje og gjennomføre internrevisjonar 
  • gjere vesentlegheits- og risikovurderingar 
  • dokumentere og rapportere utført revisjon 
  • følgje opp tilrådingane frå utførte revisjonar 
  • dialog og rettleiing i verksemda

Kvalifikasjonar

Det er krav om: 

  • høgare utdanning på masternivå innanfor revisjon, samfunnsvitskaplege, økonomiske, juridiske eller administrative fag. Bachelorgrad og lang, relevant erfaring kan vege opp for utdanningskravet. 
  • relevant erfaring frå tilsvarande oppgåver 
  • god kunnskap om rammeverk for internkontroll og standardar for revisjon  
  • gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg 
  • god forståing for forvaltninga og  direktorater si rolle generelt

Det er ønskeleg med: 

  • kjennskap til DSB

Eigenskapar

  • analytisk, strukturert og metodisk 
  • tillitsvekkjande og med høg fagleg integritet 
  • godt heilskapleg blikk og evne til langsiktig arbeid 
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner  
  • løysingsorientert og god gjennomføringsevne 
  • sjølvstendig, initiativrik og med høg arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • ei utfordrande og spanande stilling for deg som vil vere med på å forme DSB for framtida
  • fleksibel arbeidstid og gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • fast stilling som seniorrådgjevar (st. kode 1364) med årsløn frå kr. 607.700 til kr. 695.500 (ltr. 68 - 75) eller som utgreiingsleiar (st. kode 1114) med årsløn frå kr. 658.300 - 754.900 brutto (ltr.72-78) avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare lønn. Det blir trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. 

Generelle opplysningar

  • DSB legg vekt på mangfald, og oppmodar difor alle kvalifiserte til å søkje - uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV. Som IA-verksemd legg vi vekt på å leggje arbeidstilhøva til rette for personar med redusert funksjonsevne.
  • Søkjarar oppmodast til å laste opp attestar og vitnemål i den elektroniske rekrutteringsløysinga. Originale attestar og vitnemål takast med til eit eventuelt andregongsintervju.  
  • Namnet på søkjar kan bli offentleggjort jf. offl. § 25.
  • Den som blir tilsett må kunne tryggingsklarerast. Les meir her

 

Om eininga og stillinga

Juridisk eining består i dag av 10 juristar, av desse har ein stillinga som personvernombod. Eininga skal bidra til å sikre einskapleg tilnærming til regelverk og DSB sine juridiske leveransar og til å styrke kvaliteten i saksbehandlinga.

I stillinga som internrevisjonssjef har du heile verksemda som verkeområdet ditt. Stillinga inneber fagleg fridom som understøttar den faglege uavhengigheita i rolla. Internrevisjonssjefen har mellom anna ansvar for å utarbeide ein årleg risikobasert revisjonsplan med prioriteringar, i tillegg til ein årleg rapport om verksemda til internrevisjonen.

Internrevisjonssjefen kan ved behov, og i ein avgrensa periode, få bistand frå andre medarbeidarar i DSB til ulike revisjonar. Du vil disponere eit eige budsjett som skal brukast til driftskostnader til funksjonen samt kjøp av eksterne revisjonstenester innanfor særleg kompliserte område.


Du må rekne med noko reiseverksemd.

Om arbeidsgiveren



 


Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet og har ei viktig rolle i å understøtte departementet sitt ansvar for å samordne det nasjonale samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Visjonen til Direktoratet er eit trygt og robust samfunn - der alle tek ansvar. DSB skal ha oversikt over risiko og skadefare i samfunnet. Direktoratet skal vere pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulykker, kriser og andre uønskte hendingar, og skal sørgje for god beredskap og effektiv ulykkes- og krisehandtering. DSB har totalt i overkant av 700 tilsette, av desse er om lag 300 ved hovudkontoret i Tønsberg.  www.dsb.no


I DSB jobbar vi kvar dag for å innfri verdiane våre om å vere tillitsskapande, kompetente lagspelarar.

_______________________________________________________________________________________________

Sektor
Offentlig
Sted
Rambergveien 9, 3115 Tønsberg
Stillingsfunksjon
Revisjon og kontroll

Nøkkelord

utredninger, risikovurderinger, internkontroll, veiledning, revisjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elisabeth Askim
Stillingstittel
avdelingsdirektør administrasjon
Telefon
90 82 03 52
Kontaktperson
Kristin Cordt-Hansen
Stillingstittel
assisterande direktør
Telefon
95 19 88 07
Følg firma
1594 følger dette firmaet

Rambergveien 9, 3115 Tønsberg

Annonseinformasjon

FINN-kode 133617656
Sist endret 9. nov. 2018 15:02

Rapporter annonse