Rådgjevarar risikoanalyse
- Arbeidsgiver
- Forsvarsbygg
- Stillingstittel
- Rådgjevarar risikoanalyse
- Frist
- 02.01.2019
- Ansettelsesform
- Fast
Vi ynskjer å styrkje vårt kompetansesenter med to rådgjevarar innanfor sikring av eigedommar, bygg og anlegg (EBA). Nasjonalt kompetansesenter for sikring av bygg (NKSB) blei oppretta av Regjeringa i oktober 2012. NKSB skal vere statens rådgjevar for vern og sikring av eigedommar, bygg og anlegg mot terrorhandlingar, spionasje, sabotasje og annan kriminalitet. NKSB tel i dag i underkant av 50 tilsette og er organisert som ei eining i Forsvarsbygg som eit oppdragsfinansiert rådgjevingsmiljø. Vårt strategiske mål er å vere eit naturleg førsteval som samarbeidspartnar og rådgjevar knytte til vern og sikring av all statlig EBA.
Analyse og sikringsavdelinga bistår oppdragsgivere innanfor det offentlege med gjennomføring av risiko- og sårbarhetsanalyser innanfor sikring. I tillegg gir vi råd med omsyn på sikring av eigedommar, bygg og anlegg sett opp mot potensielle trusler, samt krav til sikring gitt i lover og forskrifter. Avdelinga samarbeider nært med dei andre avdelingane innanfor kompetansesenteret, samt med andre fagmiljø i og utanfor Forsvarsbygg.
Vi ser etter kandidatar med gode analytiske evnar og erfaring fra analysearbeid. Det er ynskjeleg med kunnskap om sikring av bygg og kjennskap til Forsvaret, forebyggende sikkerhet eller beredskapsarbeid.
Forsvarsbygg ligg under vilkåra i Offentlighetsloven - jamfør særleg Offentlighetsloven § 25.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgåver
- Leie og delta i utarbeidelse av risikoanalyser (security) for bygg- og anlegg der det er behov for vern og sikring mot terrorhandlingar, sabotasje, spionasje og annan kriminalitet.
- Gje råd om sikring av verdier i bygg og anlegg mot ulike trusler
- Bidra i arbeid med å utarbeide håndbøker og retningslinjer innafor fagområdet.
- Bidra i undervisning og med foredrag i ulike fora
- Deltaking i FoU-prosjekt
Kvalifikasjonar
- Mastergrad innanfor relevant fagfelt som til dømes samfunnssikkerhet, statsvitenskap, politivitenskap eller militære studium. Kandidatar med ein relevant bachelor og relevant erfaring kan også søkje.
- Erfaring med risikoanalyse, kunnskap om sikring av bygg og anlegg, forebyggende sikkerhet og/eller beredskapsarbeid.
- Det er ynskjeleg med kjennskap til forsvarssektoren.
- Det er ynskjeleg med erfaring fra arbeid med totalforsvaret og /eller samfunnsikkerhet.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Kandidaten må ha god vandel og kunne tryggingsklarerast opp til Strengt Hemmeleg
Eigenskapar
- Tek initiativ og ansvar
- Gode samarbeidseigenskapar og evne til å jobbe sjølvstendig
- Analytiske eigenskapar
- Strukturert arbeidsform
- Gode kommunikasjonseigenskapar
- God skriftleg fremstillingsevne
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Løn som 1434/1364 ( rådgiver/seniorrådgiver) i lønstrinn 58 - 78 (505.800-754.900).
- Frå lønen trekkes 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
- Vi kan tilby gode mogelegheiter for utvikling og spesialisering i landets fremste kompetansesenter på sikring av bygg
- Fleksibel arbeidstid
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gunstige bustadlån i Statens pensjonskasse
- Bedriftshelseteneste
- Gode velferdsordninger
- Treningsmogelegheiter
- Kontorlokaler sentralt i Oslo
Om arbeidsgiveren
Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevjande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger og Trondheim.
Forsvarsbygg har som målsetjing at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi ønskjer difor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet mellom dei tilsette er balansert. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Grev Wedels plass 5, 0151 Oslo
- Bransje
- Konsulent og rådgivning,
- Eiendom
- Stillingsfunksjon
- Sikkerhet
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Helge Kjerstad
- Stillingstittel
- Avdelingsleder analyse og sikring
- Telefon
- 41 14 77 51
Grev Wedels plass 5, 0151 Oslo