Når annonsen er aktiv kan du tipse en venn Når annonsen er aktiv kan du dele på Facebook Når annonsen er aktiv kan du dele på Twitter
Inaktiv

Laboratorium- og kvalitetsansvarleg i Ægir Bryggeri

Arbeidsgiver
Ægir Bryggeri AS
Stillingstittel
Laboratorium- og kvalitetsansvarleg
Frist
16.12.2018
Varighet
Fast

Beskriving:

Ægir Bryggeri jobbar kontinuerleg for å sikra kvaliteten på sine mange produkt og ynskjer å styrke dette arbeidet framover. Vår nyaste medarbeidar får ansvar for å bygge opp eit omfattande program for kvalitetssikring, med laboratoriumsarbeid som hovudfokus.



Arbeidsoppgåver

  • Bygge eit effektivt kvalitetsstyringssystem basert på mikrobiologisk, fysisk- og smaksanalyser
  • Utarbeide eit program for smaksanalyser og handsaming av produktbiblioteket
  • Koordinere og gjennomføre oppgåver innan kvalitetssikringsarbeid
  • Dagleg kalibrering av prøveutstyr
  • Dagleg prøvetaking og analyser
  • Registrere og rapportere prøveresultatar
  • Utarbeiding, revidering, iverksetting av rutinar (dokumentasjon)
  • Utføre hygieniske analyser av utstyr og overflater
  • Oppfølging av reklamasjonar
  • Avvikshandtering, oppfølging, og lukking
  • Kontakt med leverandørar og eksterne laboratorium
  • Innkjøp av utstyr og forbruksmateriell til lab
  • Ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av bryggeriets HAACP-dokumentasjon
  • Ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av bryggeriets IK-dokumentasjon
  • Bidra til HMS arbeid
  • Bryggerioppgåver elles etter behov                



Kvalifikasjonar:  

  • Kandidaten må ha tilstrekkeleg kvalifikasjonar og utdanning, t.d. bioingeniør/biokjemikar/mikrobiolog/laborant el. liknande
  • Vesentleg erfaring som laborant i næringsmiddelindustrien er ynskjeleg
  • Interesse for øl og brygging og/eller erfaring med brygging er eit stort pluss
  • Engelsk: flytande munnleg/skriftleg er eit krav
  • Norsk: ikkje eit krav men ynskjeleg
  • Må vere villig til å flytte og busetje deg i nærområdet Flåm/Aurland over ein lengre periode    

 


Personlege kvalitetar:

Du er ein person som er systematisk og organisert og du sette høge krav til kvalitet. Du er ryddig og har gode evner til å effektivt prioritere oppgåver og å finne praktiske løysingar. Du er ansvarsbevisst, initiativrik og sjølvstendig samstundes som du har gode kommunikasjonsevner og kan jobbe godt på lag.    



Andre opplysingar:

Denne er ei 100% stilling. Søkarar til stillinga bør inneha førarkort klasse B. Truck- og personløfter sertifikat er eit pluss. Dei første 4 månadane er prøvetid.  


Søknad (brev & CV) eller evt. spørsmål sendast til jobb@aegirbryggeri.no.

Om arbeidsgiveren

Ægir Bryggeri er blant dei første handverksbryggeri i Noreg og vart etablert i 2007. Dei siste åra har Ægir hatt stor suksess og utvikla seg til eit av Noregs fremste produsentar av spesialøl. Ølet er tilgjengeleg på mange sal - og skjenkestader i Noreg og i utlandet med stadig fleire på lista. Bryggeriet har utvikla mange spennande øl som har fått stor merksemd og vunne prisar i fleire år både heime og internasjonalt. Me består i dag av ein bryggeripub og eit heilt moderne produksjonsbryggeri og brenneri, og i 2016 tok vi eit stort steg for både ølet og miljøet ved å vere fyrste i Noreg å tappe nesten heile portefølje på boks. Ægir bryggeri er i vekst og treng fleire flinke medarbeidarar, teamet vårt består av både kvinner og menn frå fleire land.

Nettverk
Facebook Twitter
Sektor
Privat
Sted
PB 44,
5742 Flåm
Bransje
Kjemisk industri,
Matvareproduksjon og -industri
Stillingsfunksjon
Annet

Nøkkelord

Laboratorium, laborant, kvalitetssikring, bioingenør, mikrobiolog

Rapportér annonse

FINN-kode
132942421
Sist endret
17. des 2018 00:04

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Evan Lewis
Stillingstittel
Gründer, Dagleg Leiar

PB 44, 5742 Flåm

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
132942421
Sist endret
17. des 2018 00:04