Utløpt

Manager front operations i Kundesenteret

Arbeidsgiver
Flåm AS
Stillingstittel
Manager front operations i Kundesenteret
Frist
07.11.2018
Ansettelsesform
Fast

Flåm AS har ledig 100% fast stilling som leiar for front operations i Kundesenteret.

Som leiar for front desk operations får du i oppgåve å utvikle og leie eit team beståande av teamleiarar og kundebehandlarar i Flåm AS og turistinformasjon i Flåm. Du vil rapportere til leiar for Kundesenteret og samarbeide tett med booking og sals- og marknadsavdeling i Flåm AS. 

For å lukkast i stillinga må du ha gode relasjonelle ferdigheiter og vera strukturert, då ein av dei viktigaste oppgåvene vil vera å leie og utvikle team for å nå strategiske og budsjettmessige mål.

Du har gjerne erfaring frå reiseliv eller detaljhandel og er kjent med analyse og planarbeid og digitale verktøy. Du er nyskapande og entusiastisk som leiar, og tek i vare selskapet sine verdiar og haldningar, får til god samhandling internt i avdelinga og på tvers av fagfelt og avdelingar.

Som den rette kandidaten kommuniserer du godt og brenn for å vere med på å utvikle unike reiselivsopplevingar, tek ansvar for og styrer avdelinga i tråd med selskapet sine vedtekne verdiar, strategiar og sals- og servicemål.

Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere å:

  • Leie og utvikle team og tilsette
  • Ansvar for dagleg drift
  • Gjesten i fokus og bidra til servicevenlege haldningar
  • Bidra til vekst og utvikling
  • Budsjett og resultatansvar
  • Rapportering og oppfølging av sal

Det er utarbeidd stillingsbeskrivelse med utfyllande opplysningar om oppgåver knytt til stillinga. 

Det er eit krav til stillinga at du har relevant leiarerfaring og gjerne kan vise til resultat frå utvikling av tilsette og grupper av tilsette. Du må kunne skandinavisk språk.

Me tilbyr konkurransedyktige lønsvilkår og gode karriere -og utviklingsmoglegheiter i ein ung og dynamisk organisasjon.

Oppstart snarast og etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar og er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing i våre selskap er om lag 450 millionar. Det er i dag 83 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst.

Sektor
Privat
Sted
A-Feltvegen, 5743 Flåm
Bransje
Reise og turisme,
Hotell og overnatting
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

Personalansvar, Utvikling, Budsjett, Resultatansvar, Team

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Birgittha Sandstrøm
Telefon
94 02 23 78
Følg firma
2141 følger dette firmaet

A-Feltvegen, 5743 Flåm

Annonseinformasjon

FINN-kode 131983599
Sist endret 31. okt. 2018 09:11

Rapporter annonse