Utløpt

Stuert

Arbeidsgiver
Kystverket
Stillingstittel
Stuert
Frist
05.11.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kystverket

Kystverket søker etter stuert på fartøy i Kystverket Rederi. Våre fartøy opererer langs heile norskekysten i ei dagordning med mannskap på mellom 6 - 10 personer.

Stuert skal syte for forpleiningstenesta om bord, og kunne vere tilgjengeleg for brovaktteneste.

Ho/Han er også ein viktig ressurs for trivsel om bord, med ansvar for å syte for eit allsidig og sunt kosthald, og reingjering av bysse og fellesareal.

Mannskapet har særavtale som for tida inneber arbeidsperiodar på 4 arbeidsveker og 4 friveker. Jul og påske er ferie/fri, men grunna beredskap har nokre fartøy vakt.

Det er ledig 1 fast stilling og 1 vikariat fram til 31.12.2019 

Arbeidsoppgåver

Ha kontroll med beholdning og forbruk av mat og forpleiningsmateriell.
Sørge for tilbereding og servering av mat til mannskapet
Fylgje gjeldande rutiner for måltider, hygiene og prosedyrer for samarbeid med motsatt skift.
Bestilling og innkjøp i samarbeid med skipsfører og tilpassa fartøyets drift
Orden og reinhald av bysse, messe og noko fellesareal

Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga. 

Kvalifikasjonar

Fagbrev som kokk eller tilsvarande
Oppdatert sikkerhetskurs etter STCW 2010 og helseattest for sjøfolk
Stuert må stette krav til å mønstre og bør ha fartstid.
Erfaring frå allsidig og sunt kosthald, samt erfaring frå dietter til allergi og spesialmat.

Eigenskapar

Engasjert, framtidsretta og  påliteleg.
Serviceinnstilt og fleksibel
God ordenssans
Godt humør, ein positiv bidragsyter til det sosiale miljøet ombord

Vi tilbyr

Lønn etter avtale som fagarbeidar, stillingskode 1203. ltr 43-48 Grunnlønn p.t frå kr 397200 - 428500. Tillegg for vakt og tilgjengeleghet etter gjeldande særavtale p.t. kr 56.800 pr.år. Overtid og ekstra arbeid/kurs i friperiode kjem i tillegg.
Medlemsskap i Statens Pensjonskasse. Det vert trekt 2 % av bruttoløn til SPK. Fartøymannskap har 60 års særaldersgrense.
Tilsetting er ikkje knytta til spesifikt fartøy.
Kystverket Rederi er IA-verksemd og har BHT avtale.
Det er eit personalpolitisk mål om at arbeisstyrken skal spegle samansetninga i befolkning generelt, både når
det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Alle kvalifiserte vert oppmoda om å søke.
Følg linken: "Søk på stilling" og legg inn dine opplysninger i elektronisk søknadsskjema, for å registrere deg som søkjar. NB! Ikkje søknad pr e-post.

Om arbeidsgiveren



Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting og samferdsel til sjøs. Etaten har ansvar for fiskerihamner, farleier, navigasjonsinnretningar, lostenesta og trafikkontroll. Verksemda dekkjer også maritim sektor av nasjonal transportplan i tillegg til myndigheits- og forvaltingsoppgåver i samband med lover og regelverk for hamner, farleier og losplikta. Kystverket har òg ansvaret for staten sin beredskap mot akutt forureining.

Kystverket Rederi er Kystverket sin utførar av entreprenørtenester på fyr og merke langs norskekysten. Reiarlaget er ei eiga resultateining i Kystverket med administrasjonsstad Ålesund. Operative tenester inneber utføring av tilsyn-, drift-, nybygging og vedlikehaldsoppgåver på navigasjonsinnstallasjonar. Vi disponerer for tida ni fartøy med tilhøyrande utstyr for anlegg- og vedlikehaldsoppdrag, samt tilsynslag i alle fem regionar. Kystverket Rederi har som målsetting å fornye/modernisere heile eller delar av fartøysflåten fortløpande. I Kystverket Rederi arbeider det om lag 200 personar fordelt på 20 i fagadministrasjon/prosjektleiing og resten i operativ teneste.  

Sektor
Offentlig
Sted
Sorenskriver Bulls gate 3, 6002 Ålesund
Bransje
Maritim og offshore,
Restaurant, mat og uteliv
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kokk

Nøkkelord

Stuert

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jannicke Aarø
Stillingstittel
Seniorrådgiver Mannskapsavdeling
Telefon
07847
Følg firma
1221 følger dette firmaet

Sorenskriver Bulls gate 3, 6002 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 131968437
Sist endret 19. okt. 2018 09:59

Rapporter annonse