Utløpt

Fagarbeider Tilsynslag Vest

Arbeidsgiver
Kystverket
Stillingstittel
Fagarbeider Tilsynslag Vest
Frist
05.11.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kystverket
Fagarbeider på Tilsynslag i Kystverket Rederi

Arbeidsoppgåver

Kystverket søkjer etter fagarbeidar til allsidig og sjølvstendige oppdrag innan vedlikehald, drift, nybygg og
tilsyn på navigasjonsinnstallasjonar. Vi søkjer ein fagarbeidar som har erfaring og innsikt innan ulike
håndverksfag.
Arbeidsområdet til tilsynslag i Vest strekker seg frå Egersund i sør opp til grensa mot Møre og Romsdal i nord.
Tilsynslaget er til vanleg 2-3 fagarbeidarer allsidig samansett innan ulike fagfelt og saman utfører dei allsidige
oppdrag innan vedlikehald og drift.
I periodar kan oppmøtestad vere direkte på arbeidsstaden.
Tilsynslaga har base på land og tek seg fram i småbåt eller bil.
Ein må pårekne å vere borte heimafrå heile arbeidsperioden.
Varierte oppgåver utandørs heile året.
Tilsynslag har arbeidstidstidsordning etter eigen særavtale. Arbeidsperiodane er til vanleg 2-3 veker arbeid med
påfølgjande friperiode. Det er sett opp årleg plan på arbeidsperioder.

Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga. 

Kvalifikasjonar

Fagbrev innan relevant fagområde: elektrikar  (tilsvarande Gr.L.), maskin/motor, snekkar eller anna relevant fagbrev. Allsidig erfaring og kompetanse frå fleire handverksfag er ynskjeleg og vert prioritert.
Heile arbeidslaget må i tillegg vere gode båtførarar. Det er ynskjeleg at søkjar har sertifikat som
fritidsbåtskipper D5L eller tilsvarande, samt ROC-radiosertifikat og sikkerhetskurs IMO 50. Motorkompetanse er ynskeleg.
Må kunne klatre og arbeide i høgda.
Søkjar må beherske bruk av IT-verktøy og kunne dokumentere eige arbeid
Det krevjast god fysikk og helse. Fagarbeider på tilsynslag må tilfredsstille krav til helseattest for sjøfolk.

Eigenskapar

Allsidig og sjølvstendig fagarbeider
Løysingsorientert og samarbeidsvilleg
Gode haldningar til faglege standardar, HMS og etiske retningslinjer.
God fysisk helse ift arbeid i høyden og operative arbeidssituasjoner 
Sosial og omgjengeleg, positiv bidragsyter i arbeidsmiljøet. Framtidsretta, engasjert og påliteleg. 

Vi tilbyr

Avlønning i  i stillingskode 1203, fagarbeidar. Grunnløn frå kr kr 391 800 - 421 700 i statens regulativ (ltr. 43-47)
Kystverket har særavtale for tilsynslaga som regulerar arbeidstid og kostgodtgjersle. Kostgodtgjersle vert utbetalt pr arbeidsdag med kr. 380,-.  Kompensasjon for ubekvem arbeidstid utgjer ca kr. 14.000,- pr. år.  Arbeidstidsordning med
arbeidsperiodar med lengre dagar og friperiodar.
Medlemskap i Statens pensjonsordning vert trekt med 2% av bruttolønn.
Arbeidstakar i tilsynslag har særaldersgrense på 65 år.
Ein må pårekne å delta på fagleg oppdatering og relevante kurs innan tilsynslaget sitt fagfelt.
Kystverket er IA-bedrift og er tilknytt bedriftshelseteneste.
På bakgrunn av personalpolitiske mål om at arbeidsstyrken skal spegle den generelle samansettinga av
befolkninga, vert alle kvalifiserte oppfordra til å søkje uavhengig av kjønn og kulturell bakgrunn.

Om arbeidsgiveren



Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting og samferdsel til sjøs. Etaten har ansvar for fiskerihamner, farleier, navigasjonsinnretningar, lostenesta og trafikkontroll. Verksemda dekkjer også maritim sektor av nasjonal transportplan i tillegg til myndigheits- og forvaltingsoppgåver i samband med lover og regelverk for hamner, farleier og losplikta. Kystverket har òg ansvaret for staten sin beredskap mot akutt forureining.

Kystverket Rederi er Kystverket sin utførar av entreprenørtenester på fyr og merke langs norskekysten. Reiarlaget er ei eiga resultateining i Kystverket med administrasjonsstad Ålesund. Operative tenester inneber utføring av tilsyn-, drift-, nybygging og vedlikehaldsoppgåver på navigasjonsinnstallasjonar. Vi disponerer for tida ni fartøy med tilhøyrande utstyr for anlegg- og vedlikehaldsoppdrag, samt tilsynslag i alle fem regionar. Kystverket Rederi har som målsetting å fornye/modernisere heile eller delar av fartøysflåten fortløpande. I Kystverket Rederi arbeider det om lag 200 personar fordelt på 20 i fagadministrasjon/prosjektleiing og resten i operativ teneste.  

Sektor
Offentlig
Sted
5500 Haugesund
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Elektronikk,
Håndverkstjenester,
Maritim og offshore,
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Håndverker,
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Sjøfart / Matros

Nøkkelord

Maritimt,, navigasjonsinnretninger

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torbjørn Selsås
Stillingstittel
Prosjektleiar
Telefon
07847
Kontaktperson
Liv Sundgot Johannsen
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
07847
Følg firma
1220 følger dette firmaet

5500 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 131965962
Sist endret 19. okt. 2018 09:23

Rapporter annonse