Utløpt

Kjøkkensjef

Arbeidsgiver
Gol kommune
Stillingstittel
Kjøkkensjef ved Gol helsetun
Frist
31.10.2018
Ansettelsesform
Fast

Gol Helsetun er ein sjukeheim med eige institusjonskjøkken. Kjøkkenet har som hovudmål å lage og servere god, delikat, smakfull og ernæringsmessig riktig kost. Vi satsar på eigen-produsering så langt det let seg gjera, dette gjeld
også brød og kaker. I vår rullerande meny har vi også lagt vekt på tradisjonskost.
Vi har i 2018 vore gjennom ein prosess med forskyving av tidspunkt for måltida ved institusjonen.

Kjøkkenet på Gol Helsetun produserer varm mat til både til institusjonen og heimebuande, gjennomsnittleg 100 - 110 porsjonar dagleg etter kok- server prinsippet, noko vi er stolte av. Utkjøring av mat til heimebuande blir gjort i samarbeid med frivillige.

Kjøkkenet er organisatorisk underlagt avdelingsleiar i Institusjon og har eit sjølvstendig ansvar for fag, budsjett og personale. Kjøkkenet har inkludert leiar 6,45 årsverk.

Kvalifikasjonar:
Vi søkjer deg som:
*  Har fagbrev som kokk, fortrinnsvis utdanning som kostøkonom, men annan relevant kompetanse blir også vurdert
*  Erfaring frå økonomistyring og leiing
*  Er positiv, idérik, utviklingsorientert og strukturert
*  Er serviceorientert og set store krav til fagleg kvalitet
*  Set kunden i fokus
*  Er løysingsorientert
*  Kan lede, motivere og skape ein triveleg og utviklingsorientert arbeidsplass for kjøkkenets tilsette
*  Opptatt av kost og ernæringsarbeid, vera med aktivt vidare i ernæringsarbeid ved institusjonen/heimetenesta

Ansvar og arbeidsoppgåver:
*  Leie og vidareutvikle den daglege drifta av storkjøkken
*  Budsjett og personalansvar for avdelingas tilsette
*  Bestilling av varer
*  Direkte kontakt med kundar og leverandørar
*  Samarbeid med andre avdelingar i helse- og omsorgstenesta
*  Ansvar for IK-mat og kvalitetssikring
*  Delta aktivt i produksjonen

Vi tilbyr:
*  Løn etter fastlagte reglement og tariffer
*  Fleksible arbeidstidsordningar
*  Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Om arbeidsgiveren

Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
HELSETUNVEGEN 1, 3550 Gol
Bransje
Storhusholdning og catering
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kjøkkensjef

Nøkkelord

kokk, matglede, sykehjem, institusjonskjøkken

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linda Muggerud Anderssen
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
91 67 39 79
Følg firma
21 følger dette firmaet

HELSETUNVEGEN 1, 3550 Gol

Annonseinformasjon

FINN-kode 131687179
Sist endret 2. nov. 2018 00:32

Rapporter annonse