Utløpt

NORGES BONDELAG søkjer rådgjevar (1-års vikariat) til vårt fylkeskontor i Sogn og Fjordane

Arbeidsgiver
Norges Bondelag
Stillingstittel
Rådgiver
Frist
31.10.2018
Ansettelsesform
Vikariat

Ved fylkeskontoret i Førde i Sogn og Fjordane har vi ledig eit års vikariat som rådgjevar frå 01.02.2019 med høve til tidlegare start. 

Vi ser etter ein person som har interesse for landbruk og matproduksjon.  Har du høgskuleutdanning med kompetanse/erfaring innan juridiske fag, jordvern eller kommuneplanlegging er det flott, men ikkje naudsynt. Interesse for politikk og organisasjonsarbeid kan også vere eit fint utgangspunkt for denne jobben.

Vi kan tilby deg fleksibel arbeidstidsordning og konkuransesdyktig løn. 

Førde ligg sentralt mellom Bergen og Ålesund og kan by på fantastisk natur til alle årstider. Er du klar for å prøve noko
anna enn bylivet er dette ein flott moglegheit :-)

Nærmare opplysningar om stillinga ved å vende deg til organisasjonssjef Merete Støfring på telefon 959 47 437 eller personalsjef Catharina Andersen på telefon 905 15 152.

Kort søknad med CV sendes innen 31.oktober 2018, til Norges Bondelag: stilling@bondelaget.no

Om arbeidsgiveren

Norges Bondelag er ein interesseorganisasjon for bønder og alle andre som meiner at norsk matproduksjon er viktig. Norges Bondelag arbeider for å betre vilkåra for landbruket og synleggjere landbruket si tyding for samfunnet. Vi har over 64.000 medlemer fordelt på meir enn 500 lokallag. Det er 115 tilsette i organisasjonen, derav 57 ved hovudkontoret i Oslo og 58 fordelt på organisasjonen sine 17 fylkeskontor. Les meir om oss på www.bondelaget.no

Sektor
Organisasjoner
Sted
Hafstadvegen 21, 6800 Førde
Bransje
Organisasjoner,
Jordbruk og skogbruk
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Saksbehandler

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Merete Støfring
Stillingstittel
Organisasjonssjef
Telefon
95 94 74 37
Kontaktperson
Catharina B. Andersen
Stillingstittel
Personalsjef
Telefon
90 51 51 52
Følg firma
216 følger dette firmaet

Hafstadvegen 21, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 131280537
Sist endret 2. nov. 2018 00:32

Rapporter annonse