Utløpt

Teamleiar Fact-team Nordhordland

Arbeidsgiver
Lindås kommune
Stillingstittel
Teamleiar
Frist
15.10.2018
Ansettelsesform
Prosjekt

Tverrfagleg aktivt oppsøkjande behandlingsteam

8 av 9 kommunar i region Nordhordland og Bjørgvin DPS har gått saman om etablering av Fact-team Nordhordland, eit prosjekt med statlege tilskuddsmidler i inntil 4 år.Tilskuddet skal bidra til omstilling og styrking av eksisterande tenester, og målet er at tiltaket og arbeidsforma skal implementerast i ordinær drift etter prosjektperioden.

Kommunane som deltek i prosjektet er Austrheim,Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Meland, Radøy og Lindås, samla utgjer desse eit folketal på ca 37 000 innbyggjarar. Bjørgvin DPS har ansvar for heile regionen, i tillegg til bydelane Arna og Åsane. Lindås kommune er ansvarleg for tiltaket i prosjektperioden.

Flexible Assertive Community Treatment (FACT) er ein behandlingsmodell som skal gje heilskapleg og koordinerte tenester til menneske med alvorleg psykisk liding og samtidig psykisk liding og rusliding. Tiltaket inngår i kommunane og Helse Bergen sine vedtekne planar om å gje samanhengande tenester for menneske med samansatte behov grunna alvorlege psykisk liding og/eller rusliding.

Fact-modellen krev eit høgt kvalifisert team som arbeider tett og aktivt saman og drar veksler på samla kompetanse. Teamet er tverrfagleg samansatt,har ein teambasert tilnærming og utfører samtidige kommunale og spesialisthelsetenester. Døme på oppgåver er utgreiing, behandling og støtte, samhandling med døgntenester , arbeid med bustad, aktivitet /arbeid og samarbeid med familie og nettverk.

Recovery-perspektivet er særleg vektlagt.

Med basis i ein Fact-modell vil vi i prosjektet etablera eit team som gjev tenester til innbyggjarane der dei er, og arbeide med å finna ei driftsform som tar høyde for fagleg og geografiske utfordringar. Fact-team Nordhordland skal arbeida nært på ekisterande tenester både på spesialist- og kommunalt nivå.

Vi har ledig prosjektstilling - 100 % teamleiar.

Teamleiar har ei sentral rolle iutvikling av teamet i tett samarbeid med prosjektansvarleg og samarbeidspartar. Sikre framdrift og oppfølging av målsettingar i prosjektet, samt rapportering. Vera ein pådrivar i utvklingsarbeid, kvalitetssikring og definering av praksis. Ansvar for daglege drift av teamet. Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar om eit heilskapleg tenestetilbod. Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid. Individuell oppfølging og behandling av brukarar. Fremje recovery, meistring og håp.

Kompetansekrav:

Helse eller sosialfagleg høgskule utdanning eller relevant universitetsutdanning innan helse/sosialfeltet. Vidareutdanning innan psykisk helse/ rus. Kompetanse og erfaring med prosjektsarbeid/styring. Veiledningskompetanse er ynskjeleg. Arbeidserfaring frå kommunar i prosjektet er ynskjeleg.

Sertifikat kl. B.

Det kan bli aktuelt å arbeida på ettermiddag/kveld/helg deler av arbeidstida.


Vi tilbyr tilsetjing i hht.gjeldane avtaleverk.

 

For meir informasjon logg deg inn på www.lindås.kommune.no

 

 

 

 

 

Om arbeidsgiveren

Lindås kommune er den største kommunen i Nordhordland med med 15.500 innbyggjarar. Vi er ein vekstkommune med godt utbygde tenester og eit variert næringsliv.
Knarvik er kommunesenter og regionsenter for Nordhordland,30 minutt frå Bergen sentrum. Vår visjon er å vera ein kommune der draumar blir røyndom, derfor ønskjer vi å vera kvalitetsbevisste, framtidsretta, inkluderande og tenestevillige. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Nettverk
LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
5955 Lindås
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Grethe Korsøen
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
47 46 09 82
Kontaktperson
Reidun Sæbdal
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
91 37 75 14
Følg firma
65 følger dette firmaet

5955 Lindås

Annonseinformasjon

FINN-kode 129757541
Sist endret 21. sep. 2018 13:15

Rapporter annonse